Hopp til innhold

Kundeopplysingar på avvege

Ein minnepinne med opplysingar om kundar i Fokus Bank blei tilfeldig funne ute i Røros.

Minnepinne

Arkivfoto: Sensitive opplysingar om kundar i Fokus Bank kom på avvege

Foto: Colourbox

På minnepinnen ligg det ifølgje avisa Arbeidets Rett personnummer, namn, adresser, alder, telefonnummer, inntekt, storleik på bustadlån og innskot.

– Ein minnepinne med personopplysingar om kundar skal ikkje komme på avvege. Dette er ein dårleg dag på jobben, seier banksjef Kjetil Reinskou i Fokus Bank si avdeling på Røros til avisa.

Blei levert avisa

Minnepinnen blei levert til i ekspedisjonen til lokalavisa. Då folk i redaksjonen skulle sjekke innhaldet var det ingen sperre på pennen og ei rekkje sensitive opplysingar dukka opp.

Seniorrådgivar i Datatilsynet Gunnel Helmers understrekar at slike opplysingar ikkje skal hamne på avvege.

– Folk blir sett i ein viss risiko når personopplysingar kjem på avvege, seier han til Arbeidets Rett.

Brot på rutinar

Banken vil no ta tak i rutinane sine og ha ein full gjennomgang av det som har skjedd.

Dei seier seg leie for det som har skjedd, og understerkar at personnummer ikkje skal finnast igjen tilfeldig på gata.

– Tryggleiksavdelinga i Fokus Bank er også sett på saka, som har høgaste prioritet, seier banksjefen.