21.11.2009

Muleg comeback for The Kinks

Ray Davies ser ikkje bort frå at den legendariske rockegruppa The Kinks gjer comeback.

Ray Davis

Ray Davis
Foto: Rune Karlsen/NRK
  • Født: 21. juni 1944
  • Yrke: Låtskrivar og musikar
  • Bustad: Fortis Gren, London, England
  • Sjanger: Poprock, hardrock
  • Instrument: Song, gitar, harmonika
  • Aktive år: 1963-

(Kjelde: Wikipedia)

– Eg håper det skjer. The Kinks er noko heilt eige, seier Ray Davies til NRK Trøndelag.

Tirsdag starta songaren, gitaristen og låtskrivaren Ray Davies noregsturneen sin i Trondheim.

Engelskmannen vil for alltid vere knytt opp mot bandet, The Kinks, som han starta saman med broren Dave Davies i London i 1963.

Broren slit med helsa

The Kinks spelte saman i over tretti år. Etter at bandet skilte lag i 1996 har Ray Davies opptredd som soloartist.

Men han ser ikkje bort frå at The Kinks på nytt kan komme saman.

– Eg har vore i studio saman med Mick Acory og Jim Rodford, den siste bassisten. Vi har prøvd nokre låtar og det dukkar opp nokre interessante idear. Det heile er avhengig av om broren min Dave blir med, han har slite litt med helsa, seier Ray Davies.

Se hele intervjuet: Ray Davies i Trondheim

Studerte kunst

Ray Davies har mellom anna skrive hits som "You Really Got Me", "Waterloo Sunset" og "Dedicated Follower of Fashion".

Han innrømmer at han og broren ikkje heilt visste kva dei gjorde då dei starta The Kinks på sekstitalet.

– Eg studerte kunst på den tida og vi ville tene nokre ekstra pengar. Vi skreiv " You Really Got Me" og det blei ein stor hit, så "Sunny Afternoon" osv . Eg trudde ikkje det ville vare så lenge, men her er eg...

Les mer om: Ray Davis

Gåve frå himmelen

Ray Davies hadde ingen planer om å bli komponist eller musikar.

– Eg ville eigentleg bli kunstmalar. Kanskje jobbe med film og teater. Låtskrivinga kom til meg som ei gåve frå himmelen. Det var ein ny måte å uttrykkje meg på og det er eg glad for, seier Davies.

Han har i løpet av karrieren også fått dyrka interessa for film og teater. Han har spelt i regissert og produsert shows for teater og fjernsyn.

Under fjorårets Notodden Blues Festival var han eitt av trekkplastra og i 2004 spilte Ray Davis på Torvet i Trondheim.

Ray Davies (The Kinks)  (Scanpix)

Ray Davies og The Kinks

Scanpix

NETT-TV TRØNDELAG

Nyeste bildegallerier

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK