Hopp til innhold

Terje Wiik lånte bil av broren

Drapsdømte Terje Wiik lånte ein gamal bil av broren då han var på permisjon i Nordland i sommar.

Terje Wiik
Foto: NRK

- Han lånte ein raud Opel Senator 1986-modell hos meg. Han sa han skulle bruke den i Oslo når han hadde permisjon frå fengselet, seier broren til NRK Trøndelag.

Dette er ein bil Terje Wiik også har brukt når han har vore på besøk hos familien i Nord-Noreg.

Les også: - Terje stakk grunna soningsforholda

Gamal, men god

Bilen har ifølgje broren gått fleire hundretusen kilometer og han trur ikkje Terje Wiik har køyrd den til menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

- Bilen går veldig bra, men eg trur ikkje han har køyrd den til Strasbourg, seier broren.

Leiinga ved Ila fengsel kjenner ikkje til at Terje Wiik skal ha lånt ein bil av broren.

– Vi er kjent med at Terje Wiik har disponert ein motorsykkel, men vi kjenner ikkje til at han skal ha lånt ein bil av broren, seier direktør ved Ila fengsel, Knut Bjarkeid til NRK.

Han vil ikkje seie noko om desse opplysingane ville endra på den innvilga permisjonen til Terje Wiik.

– Det er mange av dei innsette som eig bilar, seier Bjarkeid.

Har ikkje snakka med broren

Politiet har heller ikkje vore i kontakt med broren etter at Terje Wiik stakk av frå Ila fengsel for ei veke sidan.

- Vi har ikkje sett noko grunn til å ta kontakt med broren, men vi har sjekka mange andre køyretøy i saka. Vi kan stadfeste at Terje Wiik har ein motorsykkel registert i sitt namn, seier Olav Brubakk, som er etterforskingsleiar ved Asker og Bærum politidistrikt, til NRK.

Han legg til at det skjeldan er noko poeng i kontakte pårørande til etterlyste, men understrekar at opplysingane om bilen var nyttige. Bilen kan derimot ikkje etterlysast i Europa før politiet er sikre på at det er Terje Wiik som køyrer den.

- Om andre køyrer denne bilen vil dei kunne få kjempeproblem med å forklare at dei er uskuldige og ikkje har noko med saka å gjere, seier Brubakk.

Terje Wiik blei i 2000 dømt til 21 års fengsel for å ha drepe sin tidlegare kjærast Inger Lise Bakken. Ho ble forgifta over lengre tid med tungmetallet thallium.