Hopp til innhold

- Terje stakk grunna soningsforholda

- Terje Wiik er frustrert fordi han ikkje har fått ei lettare soning ved eit anna norsk fengsel, fortel broren hans.

Terje Wiik
Foto: NRK

Trass i misnøya med soningsforholda og at Terje Wiik meiner dommen mot han er for streng, seier broren til NRK at han fekk eit lite sjokk då meldinga kom om at Terje Wiik ikkje kom tilbake frå permisjon for ei veke sidan.

Terje Wiik blei i 2000 dømt til 21 års fengsel for å ha drepe sin tidlegare kjærast Inger Lise Bakken. Ho ble forgifta over lengre tid med tungmetallet thallium.

Broren trur Terje Wiik kjem til å vende tilbake til Ila fengsel etterkvart.

Les også: Tror Wiik melder seg

Ingen kontakt

Broren møtte Terje Wiik siste gong i månadsskiftet juli-august då han hadde permisjon og var heime i Nordland. Siste kontakt på telefon hadde dei i slutten av august.

– Har du prøvd å kontakte han den siste veka?

– Nei, svarer broren. Når Terje ikkje tek kontakt med meg betyr det at han ikkje vil ha kontakt, og då ringer eg heller ikkje han.

– Rår du han til å vende tilbake til Ila?

– Ja, det er det beste trass alt.

Rykte om millionformue

Ifølgje VG har politiet undersøkt rykter om at Terje Wiik har ei skjult formue som kan finansiere flukta hans frå Ila fengsel.

Det er så langt ikkje funne spor av ei slik formue.

– Eg har ikkje høyrd noko om ei slik formue. Dei tok jo frå han alle pengane då han blei tatt av politiet, seier broren.

Tøft for familien

– Har Terje Wiik nokon gong antyda at han ville misbruke permisjonsordninga?

– Nei, svarer broren. Men minnest at Terje Wiik ein gong nemde at han hadde fleire døme på at det ikkje fekk særlig konsekvensar om ein innsett uteblei etter permisjon.

Broren til Terje Wiik vil ikkje stå fram med namn, og ønskjer heller ikkje å la seg intervjue på radio.

– Denne saka var ei stor belastning for heile familien på 90-talet og no får vi rippa opp i alt på nytt, seier broren.