Hopp til innhold

Døde av skadane

9-åringen som vart påkøyrd i Steinkjer sist laurdag døydde i dag av skadane.

- Guten døydde grunna dei alvorlige skadane i han pådrog seg, bekreftar Birger Sandvik i Nord-Trøndelag politidistrikt.

Store skadar

9 år gamle Magnus Haugen Fossan fekk store skader i hovudet då han vart påkøyrd ved Sunnan i Steinkjer i helga. Ulukka hendte like sør for Sunnan laurdag ettermiddag. Guten sykla inn i på fylkesvegen frå ein sideveg då ham vart treffen av ein bil.

Han vart sendt til intensivbehandling ved St. Olavs Hospital i Trondheim, men hadde for store skader til å kunne berge livet.