Importerte sukkererter frå Kenya er smittekjelda til alle dysenteritilfella i Noreg. Det bekreftar distriktsjef i mattilsynet Midt-Noreg , Bjørn Røthe Knudsen.
Folkehelseinstituttet har den siste tida har jakta på ureina mat i Noreg etter at fem personar er blitt smitta av diarésjukdomen dysenteri.
Les også:
Fjerner sukkerertene
Sukkerertene som er skuldige i sjukdomen kjem frå Coop-kjeda.
– Vi trekkjer no tilbake ferske importerte sukkererter frå alle våre butikkar, seier informasjonsdirektør, Bjørn V. Kløvstad i Coop til NRK.
Mistanken blei stadfesta fredag og Mattilsynet har lagt ned omsetnadsforbod.
Sukkererter frå Kenya er ei relativt sjeldan matvare, og alle som er sjuke har ete dette.
– Vi arbeider no med å sjå på distribusjonsmønsteret for liknande varer og klarlegge det i løpet av dagen. Vi går breidt ut for å ikkje miste eventulle andre smittekjelder undervegs i arbeidet vårt, seier distriktssjef i Mattilsynet i Midt-Norge, Bjørn Røthe Knudsen.
12 er smitta
Fredag ettermiddag er det klart at 12 personar er smitta av dysentri. Seks er frå Sør-Trøndelag, dei andre seks er frå Hordaland.
Ikkje farleg
Dysenteri fører til mange dødsfall kvart år i u-land og bakterien som er årsaka til dysenteri smittar svært lett.
- Sjukdomen er ikkje veldig alvorleg. Det er ein diarésjukdom som vanlegvis går over av seg sjølv. Men at folk er smitta fleire stader tyder på at det kan vere snakk om eit nasjonalt utbrot, seier avdelingsleiar Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet til NRK.