Hopp til innhold

Slaktar regjeringas togsatsing

Høgre kritiserer regjeringas varsla satsing på jernbane og fryktar den vil sette ein stoppar for ny veg i Trøndelag.

Vei
Foto: Håvard Berge

Det er lekkasjar frå Nasjonal Transportplan som stadfester at jernbanen skal prioriterast og at hovudårene på Austlandet får mest.

Linda Cathrine Hofstad Helleland

Linda Hofstad Helleland.

Foto: Høyre/CF Wesenberg

- Då vil det ikkje bli bygd nye vegar dei neste ti åra. Det vil berre vere midlar til vedlikehald og det vil vere veldig negativt for trøndersk næringsliv, seier stortingsrepresentant for Høgres Linda Hofstad Helleland til NRK Trøndelag.

Mindre til bilveg

Om alt går etter planane skal regjeringas plan for bil-, tog- og flytrafikk vere ferdig i midten av april. Her vil det stå svart på kvitt kva det skal satsast på dei neste ti åra.

Tidlegare denne veka kom det lekkasjar som sa at det i Nasjonal Transportplan skal satsast meir på jernbane enn på bilveg.

- Sjå på strekninga frå Trondheim til Oppdal, frå Orkanger til Frøya og vegane på Fosen ,der er vegane altfor dårlege. Det er heilt klart at det ikkje er nok å berre halde desse vegane vedlike, seier Helleland.

Uheldig for Trøndelag

Ho meiner også at ei storstilt jernbanesatsing vil slå uheldig ut for Trøndelag. For om lekkasjane frå Nasjonal transportplan slår til, blir det opprustning der det er mest togtrafikk, nemleg på Austlandet.

- Det betyr at Trøndelag blir den store taparen og at vi går glipp av midlar til å investere i nye vegar som kjem trøndersk næringsliv og oss trøndere til gode, seier Helleland.