26.05.2012

- Å vere konge er eit kall

Kroningsjubileet - kongefamilien i Nidarosdomen (Foto: Gorm Kallestad/Scanpix)

Biskop Finn Wagle leia jubileumsgudstenesta i Nidarosdomen. I preika si snakka han om at det var eit kall å vere konge.

 

Hildegunn Eggen leste dikt i gudstjenesten (NRK)

 

1 800 personar hadde fått plass i Nidarosdomen under jubileumsgudstenesta som starta klokka 1100 torsdag føremiddag.

Dei kongelege blei underhaldne med song og musikk, joik og magedans då dei var på kyrkjeveg til jubileumsgudstenesta i Nidarosdomen torsdag førmiddag.

Vel inne i Nidarosdomen var det skodespelar Hildegunn Eggen som starta jubileumsgudstenesta ved å lese "Nå er det vi som fyller katedralen". Kong Harald, dronning Sonja, kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon sat på fremste benk, mens prinsesse Märtha Louise og Ari Behn hadde plassar rett bak.

Takka kongen

I velkomsttalen bad Nidaros-biskop Finn Wagle om nåde og styrke for kong Harald og hans hus.

– I 100 år har folk og kongehus reist saman gjennom gode og vonde tider. Saman skal vi halde fram den reisa, sa biskopen.  

I preika si snakka Wagle om at det var eit kall å vere konge.  

«- Vi er her for å takke Gud for Kongen og hans hus gjennom 100 år, trofaste mot sitt kall i gode dager og i tunge dager. »

Biskop Finn Wagle

Nidarosdomens jentekor song under i gudstenesta.

I tillegg til kongefamilien deltok også statsminister Jens Stoltenberg, stortingspresident Thorbjørn Jagland, høgsterettsjustitiarius Tore Schei, hoffsjef Rolf Trolle Andersen og statsråd Trond Giske og Heidi Grande Røys.

Kong Haakons nei

Han kom også inn på kong Haakons nei i aprildagane 1940 og sa at aldri har eit nei hatt større verdi som ei livgivande kraft.

– Å vere tru mot kallet handlar også om å seie nei når situasjonen krev det, sa biskop Wagle.

Gudstenesta var prega av tekstlesing og mykje song. Dagens tekst frå Matteus 5. kapittel «Dere er verdens lys» ble først lest på samisk, etterpå på norsk.

Kyrkjelyden song så den kjente salmen «Å leva det er å elska», og då måtte kronprinsesse Mette-Marit eit augeblikk fram med lommetørkleet.  

Skal sjå utstillingane

Etter gudstenesta i Nidarosdomen gjekk turen vidare til det nye besøkssenteret på Vestfrontplassen ved Nidarosdomen.

Der ynskte statsminister Jens Stoltenberg velkommen og markerte opninga av den nye utstillinga av Riksregaliene og Jubileumsutstillinga.

H.M. Kong Harald heldt sin tale i høve 100-års jubileet. Etter det spelte Luftforsvarets musikkorps (LFMK) Nasjonalsongen.

Seinare på dagen fekk dei kongelege omvising i Riksregalie-utstillinga og Jubileumsutstillinga.

Nyeste bildegallerier

Banner valgresultat 2011 656x80

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

50 siste Trøndelag

Siste bildegallerier