10.02.2012

Ap vil ha lyntog

Lyntog (Foto: Bo Lilledal Andersen/NRK)

Arbeiderpartiet i Trondheim vil at regjeringa skal jobbe for eit lyntog mellom dei største byane i landet.

Partiet meiner regjeringa manglar eit stort politisk satsingsprosjekt og ei kampsak.

No utfordrar dei regjeringa til å satse på eit lyntog mellom dei største byane i Noreg.

- Det vil vere ei stor betring for klimaet og miljøet. Samstundes vil det vere eit stort løft for folk som bur i og rundt dei store byane, seier Rune Olsø, som er partileiar i Trondheim Arbeiderparti, til NRK Trøndelag.

Dyrt prosjekt

Partileiaren legg ikkje skjul på at det vil vere dyrt for den raudgrøne regjeringa og innføre eit lyntog mellom dei største byane. 

Likevel meiner han at det må til og understrekar at Arbeiderpartiet i Trondheim vil jobbe for ei satsing på jernbane.

- Eit slikt løft vil vere dyrt. I tillegg vil det ta både tid og politiske krefter og få gjort det, seier Olsø.

Viktig å satse

Trass i at det er vanskeleg og omfattane å gjennomføre eit så stort satsingsprosjekt i Noreg, er det viktig å gjere tørre, meiner Olsø.

- Eg trur folk set pris på å ha politikarar som kan reise seg og gjennomføre skikkelege politiske prosjekt. Det vil også vere heilt i tråd med det store klimaløftet som den raudgrøne regjeringa er i gang med.

Nyeste bildegallerier

Banner valgresultat 2011 656x80

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

50 siste Trøndelag

Siste bildegallerier