10.02.2012

Noregs nye nasjonalstein

Larvikitt, nasjonal bergart (Foto: Stian Arnesen/NRK)

Larvikitt er kåra til Noregs nye nasjonalbergart.

 

Det skjedde under markeringa av NGUs 150 årsjubileum i Trondheim onsdag.

Ein stor skulptur i larvikitt, laga av bilethoggar Martin Kuhn, blei avduka i samband med kåringa og markeringa. Det var leiar i Stortingets næringskomité, Ola Borten Moe, som stod for avdukinga.

Sjeldan art

Larvikitt er ein sjeldan størkningsbergart som nesten er blitt eit varemerke for Noreg.

Bergarten finst i Vestfold og Telemark og blei danna for rundt 295 millionar år sidan i samband med vulkansk aktivitet i det geologene kallar Oslofeltet.

- Ein geologisk ressurs i verdsklasse, seier forskar Tom Heldal ved NGU. Han er ein av landets fremste ekspertar på naturstein, skriv NGU på sine heimesider.

Les meir: Larvikitt

Ti finalistar

Det var femti kandidatar som meldte seg i kampen om å bli Noregs nye nasjonalbergart og ti finalistar stod igjen til slutt. 

Både folket og ein breidt samansett fagjury var samde om at det verdifulle eksportproduktet skulle gå av med sigeren.

- Larvikitten er berre laga i Noreg, men vi finn den over heile verda. Den blir nytta både til kjøkkenbenkar, gravmonument, fasadar og kunst, seier Halfdan Carstens, som er redaktør i GEO, til NRK Trøndelag.

Nyeste bildegallerier

Banner valgresultat 2011 656x80

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

50 siste Trøndelag

Siste bildegallerier