Hopp til innhold

Mulig riksrett i Moen-saka

Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité har i dag sagt ja til å greie ut riksrettsak i samband med Fritz Moen-saka.

Tore Sandberg og Fritz Moen (Bildemontasje)
Foto: Paal A. Svendsen / NRK

Det er privatetterforskar Tore Sandberg som vil ha dei tre dommarane stilt for riksretten.

Meldte dommarane

Tore Sandberg meldte dei høgsterettsdommarane til politiet i 2006 for å få vurdert om dei har gjort seg skuldige i grov uforstand i tenesta og for å ha handla mot betre vitande.

Bakgrunnen var at dei tre år tidlegare, i 2003, berre tillet ei oppattaking av Sigrid-saka og ikkje Torunn-saka.

Fritz Moen blei uskuldig dømt for drapet på Sigrid Heggheim i 1976 og Torunn Finstad i 1977.

Han blei samla dømt til 21 års fengsel og inntil 10 års sikring for dei to drapa. 18 og eit halvt år av dommen sona han i fengsel. I tillegg måtte han etterleve sikringsavgjerda så lenge han levde.

Fritz Moen døydde i 2005 og blei frifunnen for drapet på Torunn i 2006. 

Fleirtal i Stortinget 

Prosessen mot ei eventuell riksrettsak mot dei tre høgsterettsdommarane er med dagens vedtak i gang. 

Det er eit samla Storting som endeleg skal avgjere om riksretten blir gjennomført.