Hopp til innhold

Lovar betring for sexoffer

Offera for menneskehandel skal få meir og betre hjelp frå norske styresmakter. Det lovar Justisdepartementet.

Menneskehandel
Foto: NRK

 

 

Dei siste åra har staten brukt 120 millionar kroner i kampen mot menneskehandel, men ingen pengar har gått til offera.

Det kjem fram i kveldens dokumentar, som tek utgangspunkt i menneskehandelsaka frå Trondheim.

- Vi skal vesentleg meir midlar på menneskehandel i framtida, og då spesielt for å sørgje for at offera får eit betre tilbod i Noreg, seier statssekretær i Justisdepartementet, Anne Rygh Pedersen til NRK.

Ville ikkje hjelpe offera

Statsadvokat Kaia Strandjord såg at fleire av jentene, som vitna mot sine hallikar i Trondheim, var sterkt traumatiserte og prega av trugslane frå hallikane.

Då ho bad Justisdepartementet om pengar til oppfølging og psykologhjelp i september 2005, fekk ho nei.

- Eg tok kontakt med departementet, fordi eg hadde merka meg dei 100 millionane i handlingsplanen til Regjerninga, og spurte om det ikkje kunne brukast noko på psykologhjelp til jentene. Då fekk eg beskjed om at det ikkje var nokon frie midlar til disposisjon, seier Strandjord til NRK Brennpunkt.

Fleire ROSA-senter

Etter at Justisdepartementet har blitt fortalt om NRK Brennpunkt sine avsløringar, legg dei no nye 90 millionar kroner  på bordet. Desse pengane er sett av til mellom anna å hjelpe offera for menneskehandel i Noreg.  

Fleire store byar i landet skal få såkalla ROSA-senter. Dei skal følgje opp utanlandske prostituerte som ønskjer å komme seg vekk frå hallikar og prostitusjonsmiljø.

- Det viktigaste er å få ein plass å bu. I neste rundt får jentene oppfølging når det gjeld helse, mat og pengar. Dei skal også få hjelp til å ein jobb. Det er nemleg viktig at jentene har inntekt, slik at dei har pengar å sende heim, seier Pedersen.

Hjelp i eige land

Menneskehandel
Foto: NRK

 

Det skal også bli enklare å få opphaldsløyve for dei som har blitt utsett for menneskehandel. I tillegg skal dei få tilbod om hjelp i eige land.

- Eg tenkjer spesielt på Baltikum, Moldova, Afrika og en del andre land, der vi ser at det har vore ein del trafikk. Her må vi etablere eit samarbeid, slik at heimlandet forstår at ein faktisk må hjelpe jentene, når dei kjem tilbake. Vi står heilt makteslause om vi ikkje får til dette, seier justisminister Knut Storberget.

Justisdepartementet seier seg leie for at dei estiske jentene ikkje fekk den hjelpa dei trong.

- Dei sakene vi har jobba gjennom skal vi ta med oss å lære av, både det vi har gjort bra og det som har vore mindre bra. På bakgrunn av det, skal vi sørgje for å gjere ein endå betre jobb neste gong, seier Pedersen.