Prisen går til ein spelar i eliteserien som er god lagspelar og som set pris på supportarane sine.
Det er Norsk Supporterallianse som skal kåre vinnaren av Gullskjerfet. Klubbane i Tippeligaen står bak nominasjonane, og det blir lagt vekt på følgjande kriterie i kåringa.
- Ein som er lagspelar og yter også i motgang
- Ein som er respektert, ikkje berre av eigne, men også av andre lag sine supportarar.
- Ein som gjer medspelarar gode.
- Ein som tør prøve/gjer uventa ting på bana.
- Ein spelar som viser at han bryr seg om supportarane
Dei nominerte:
Thorstein Helstad, Brann
Håkon Opdal, Brann
Alanzinho, Stabæk
Roar Strand, Rosenborg
Kåringa blir offentleggjort på NISO-gallaen 9. november.
Tidlegare vinnarar
2001 - Erik Holtan (Odd Grenland)
2002 - Torgeir Bjarman (Lillestrøm)
2003 - Martin Andresen (Stabæk)
2004 - Erik Hagen (Vålerenga)
2005 - Kristoffer Hæstad (Start)
2006 – Daniel Nannskog (Stabæk)