Hopp til innhold

Blir framstilt for varetekt

58-åringen, som trakk pistol under kommunestyremøtet i Grong torsdag, blir framstilt for varetektsfengsling i minst to veker.

Pressekonferanse Grong
Foto: Silje Kolaas / NRK

Det gjorde politiet klart på ein pressekonferanse i Grong i føremiddag.

- Han blir framstilt for varetektsfengsling på eit fengslingsmøte klokka 13.00 i dag. Fram til møtet vil han vere i politiets varetekt på grunn av faren for at prov skal forsvinne, sa konstituert lensmann i Grong Inge Rosset på pressekonferansen.

Fengslingsmøtet blir halde i Stjør- og Verdal tingrett og politiet ønskjer mannen varetektsfengsla i minst to veker.

Alle som var tilstades i kommunestyresalen vil hjelp frå kommunen sitt kriseteam. Dei skal også møtast for å snakke om det som skjedde i løpet av dagen.

Trakk pistol

Det var like etter klokka 20.30 torsdag kveld ein 58 år gamal mann trakk opp ein pistol og truga ordførar Erik Seem og resten av kommunestyret i Grong.

Då NRK Trøndelag besøkte kommunehuset seint torsdag kveld var det framleis lys på kontoret til ordføraren. Han hadde full jobb med å svare på telefonar og forfatte pressemeldingar.

- Eg var i ferd med å heve kommunestyremøtet, det siste i denne perioden, då ein mann tok ordet og ville seie noko til kommunestyret. Han ville tydeleg også dele ut noko skrifteleg materiale. Samstundes såg eg at nokon tok kontroll over han, og eg skjønte først etterpå at han hadde ein pistol, seier Erik Seem til NRK Trøndelag.

Det var Senterpartipolitikar Stein Erik Granli, som jobbar i politiet, som med hjelp frå andre greidde å ta kontroll over pistolmannen.

Truga på livet

Ordføraren er sjokkert over at noko slikt kan skje i vesle Grong som har eit kommunestyre med 17 representantar.

- Vi er vant med at våre møte skjer i fredlege former. Eg reagerer med vantru og blei skremt og tenkte på at eg faktisk var truga på livet, seier Seem.

Det viste seg i ettertid at mannen nytta ein startpistol då han truga ordføraren og politikarane. Politiet ser likevel svært alvorleg på saka og vurderer om mannen skal varetektsfengslast i dag.

Langvarig konflikt

58-åringen skal ha sitte roleg og høyrd på kommunestyret frå møtet starta. Då ordføraren var i ferd med å avslutte møtet reiste han seg opp og truga kommunestyret med startpistolen.

Ifølge VG handlar trugslane i går om ein episode som skjedde våren 1996. Då døydde 17 dyr på garden til  58-åringen som følge av at Grong kommune ved ein feil tilsette altfor mye lut i drikkevatnet.

Gjennom eit forlik med Grong kommune og Gjensidige fekk han ei erstatning på 2,83 millionar kroner, men produksjonstapet blei ikkje erstatta.