Hopp til innhold

Barneheimsbarn får erstatning

Tidlegare barneheimsbarn i Trondheim får erstatning. Personar som har blitt utsett for omsorgssvikt eller seksuelle overgrep kan få opp mot 750.000 kroner.

Til no har det kome inn over 100 søknadar. Stein Johansen har allereie fått full erstatning:

- For å få eit sår til å gro, så har ikkje erstatninga hjelpt. Kjensla ovanfor tidlegare barneheimsarbeidarar og folk som før jobba i Trondheim kommune er framleis dei samme.

 

Forventar fleire søknadar

Trondheim forventar å få inn ein god del fleire søknadar. Barn som var utsett overgrep eller omsorgssvikt, både på institusjonar eller fosterheim kan søke:

- Ordninga blei kunngjort i mai i år, og skal vare i to år, det vil sei fram til mai 2009, det fortel rådgjevar i Trondheim kommune. Han presiserar at det ikkje er nok å ha budd på ein barnevernsinstitusjon.

Glad for oppreising

Stein Johansen seier at ingen erstatning kan lege såra hans, men er glad for oppreisinga frå politikarane i Trondheim:

- Eg syns politikarane i byen har gitt ei klar melding, slik vi kjenner det, har hatt tilsette i kommunen som ikkje har gjort jobben sin.