Hopp til innhold

Gatefolket i Trondheim med avis

Rusmisbrukarar og andre som har havna utanfor får si eiga avis i Trondheim. Laurdag kjem første eksemplar av Sorgenfri.

Gateavisa Sorgenfri blir lansert i Trondheim

Redaktør Nora Sitter og distribusjonsansvarleg Kari Gabrielsen ser på utkastet til første utgåve av Sorgenfri.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Sorgenfri er basert på samme konsept som Er lik Oslo. Ideen er at folk som har havna utanfor, skal få eit verdig liv med ein jobb og moglegheit til å tene eigne pengar. Gatefolk i mange byar verda over har hatt eit liknande tilbod. I England eksempelvis, med "The Big Issue". No er turen komen til Trondheim, og Sorgenfri.

Nytt blikk på byen

 Mange rusmisbrukarar må stele eller tigge for å finasiere dopbruken. Med Sorgenfri får dei eit alternativ. Sorgenfri ønskjer å gje folket på gata ein heilt ny stemme, seier redaktør Nora Sitter:

- Vi ønskjer at Sorgenfri skal vere eit magasin for heile Trondheim. Vi trur det kan vere behov for å få eit anna blikk på byen enn det vanleg media kan by på. Få fram andre stemmer enn dei som vanleg vis slepp til i media.

Gateavisa Sorgenfri blir lansert i Trondheim

Distribusjonsansvarleg Kari Gabrielsen

Foto: Morten Karlsen / NRK

Til å leve av

Det har vore bra interesse for folk som vil selge magasinet. Så langt har  rundt 30 personar meldt seg på som selgarar. Nora Sitter trur selgarane vil kunne leve av magasinsalet:

- Erfaringa frå andre gatemagasin sei at dei kan tene seg ganske gode pengar på magasinsalet. Vi håpar dette kan vere eit alternativ til vinningskriminalitet, tigging og prostitusjon. Ein annan ting som er viktig er møte mellom magasinselgar og kjøpar på gata, og dialogen som då oppstår.