Hopp til innhold

Politiet vil overvake Trondheim

Det kan bli montert overvakingskamera i dei mest valdsutsette delane av Trondheim sentrum.

Overvåkningskamera
Foto: Illustrasjonsfoto: Sofia Møller / Scanpix

Årsaka er at talet på meldingar frå folk som har opplevd vald i byen stadig aukar.

Politiet ønskjer å gjere noko for å skape større tryggleik for innbyggarane i Trondheim. Det er spesielt i områda der nattelivet er aktivt det er trong for ytterlegare tiltak for å få bukt med valden.

- Vi har sett i gang ei utgreiing for å sjå om vi kan få ned valden i byen ved hjelp av overvakingskamera, seier politimeister i Sør-Trøndelag, Per M. Marum, til NRK Trøndelag.

Politimester Per M. Marum
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

 Samarbeid mot vald

Politiet skal i samarbeid med Næringsforeininga og Trondheim kommune sjå på kva som kan gjerast for å redusere volden i Midtbyen.

Ifølge politimeisteren er det stor skilnad på dei kamera som blir brukt til overvaking i dag, samanlikna med få år sidan.

- Vi vil kunne sjå situasjonar som er i ferd med å skje. I tillegg får vi eit godt middel i etterforskinga ved å identifisere gjerningsmannen i ettertid, seier Marum.

Erfaring frå andre byar

Politiet vil no mellom anna hente erfaring og sjå på effekten frå andre større byar som har kameraovervaking.

Politimeisteren understrekar at Trondheim er ein trygg by med relativt lite vald samanlikna med andre store byer i landet, men at utviklinga den seinare tida seier at ein ny vurdering er nødvendig.

-  Vi ser at valden stadig aukar i Midtbyen, og då må vi vurdere alle tiltak. Fleire er alt sett i verk, men  videoovervaking kan bli eit nytt tiltak.

For å kunne montere kamera i byen treng politiet løyve.