10.02.2012

Avistjuvar herja på Brekstad

Avistyver Brekstad (Foto: Eilif Nygård)

Nyheitshungrige tjuvar stal i natt alle utgåvene av Fosna-Folket på Brekstad og kasta dei langs vegen.

Det betyr at minst 400 abonnentar ikkje fekk avisa til morgonkaffien i dag tidleg.

Tjuvane har forsynt seg av bunkane som avisboda skulle dele ut på Brekstad. Også dei fleste butikkane som sel Fosna-Folket manglar aviser i dag. 

Kasta langs vegen

Avisene ligg strødd på strekninga mellom Uthaug og Brekstad og det ser ut som tjuvane har kasta dei ut av vindauget på ein bil. I føremiddagstimane torsdag var Staten Vegvesen i gang med oppryddinga.

- Vi har fått fleire meldingar frå folk som har sett avisene og politiet er interessert i tips om nokon har sett tjuvane i løpet av natta, seier Roy Inge Aas, som er polititenestemann ved Ørland lensmannskontor, til NRK Trøndelag.

Lovar nye aviser

Redaktør i Fosna-Folket, Skjalg Ledang, lovar at alle abonnentane skal få ei ny avis i løpet av ettermiddagen. Trykkinga er alt i gang ved avistrykkeriet på Orkanger.

- Etter planen skal avisene vere på plass på Brekstad rundt klokka 13.00. Då vil vi freiste å få dei ut til våre abonnentar så raskt som muleg, seier Ledang.

Han legg til at om nokon vil ha avisa raskare enn Fosna-Folket greier å levere den, kan dei hente den i redaksjonen på Brekstad.

Trur det er pøbelstrekar

Redaktøren trur det er pøblar som har vore ute på ferde. Han fortel at det ikkje er første gong lokalavisa har blitt utsett for tjuveri.

- Vi har opplevde det same før. Den gongen blei syndebukkane filma av eit overvakingskamera på Statoil-stasjonen. Det er difor litt underleg at bensinstasjonen ikkje fekk besøk av tjuvane denne gongen, seier Ledang.

Opprydding etter avistyveri (Foto: Eilif Nygård)

Tjuveriet førte til ein omfattande ryddejobb.

Foto: Eilif Nygård

Nyeste bildegallerier

Banner valgresultat 2011 656x80

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

50 siste Trøndelag

Siste bildegallerier