26.05.2012

Takk for no, Gåte!

(Foto: Håkon Mosvold Larsen/Scanpix)(Foto: Håkon Mosvold Larsen/Scanpix)

Trønderbandet Gåte heldt sin siste konsert på Blæst i Trondheim torsdag kveld. Det blei eit rørande farvel med trufaste fans gjennom sju år.

Se bilder: Gunnhild Sundlis karriere

Applausen ville ingen ende ta då Trøndelags største musikalske suksess, dei siste åra, bandet Gåte heldt sin sist konsert i Trondheim torsdag kveld. I eit fullt lokale på Blæst tok Gunnhild Sundli og Sveinung Sundli farvel med sine trufaste fans gjennom sju år.

- Det er forferdeleg synd at det er over, men eg tippar at det ikkje går så lang tid før bandet er saman igjen, sa ein av dei som var konserten torsdag.

- Eg synst det er tøft å gi seg på topp, men eg må innrømme at eg hadde klumpen i halsen under melodien "Sjåaren", var svaret frå ein annan førnøgd publikummar.

Gunnhild Sundli i Gåte på Norwegain Wood. Foto: Arne Kristian Gansmo.  Gunnhild Sundli i Gåte på Norwegain Wood. Foto: Arne Kristian Gansmo.

Gunnhild ville gi seg

Når ein ser på det Gåte har fått til skulle ein tru at bandet hadde eksistert i fleire tiår.

Men bandet gav ut si første plate for fire år sidan. Etter den tid har dei selt 100 000 plater, hatt konsertar for 12 000 på Roskilde-festivalen, spelt i Sverige, Finland, Danmark, Tyskland, Nederland, Færøyane, USA og overalt i Noreg.

Bandet stod framfor ei kjempesatsing utanlands då frontfigur og songar Gunnhild Sundli sa stopp og ikkje ville vere med meir i haust. No går medlemane i bandet kvar til sitt på ubestemt tid.

Angrar ikkje

Trass kjempestemning og ei vanvittig mottaking på Blæst, Gunnhild Sundli angrar ikkje på at ho valte å gi seg i Gåte.

- Eg har heile tida vore fast bestemt på at dette er ei rett avgjerd, men det er veldig trist, seier Sundli til NRK Trøndelag.

Ho legg til at det er veldig rørande å sjå at så mange set pris på musikken til Gåte.

Vemodig kulturminister

Trond Giske var på konserten. (Arkivfoto)Trond Giske var på konserten. (Arkivfoto)

Etter konserten var kulturminister Trond Giske på plass backstage for å ta farvel med det populære bandet frå Trondheim.

- På IPOD'n min har eg ei liste over dei 25 mest spelte låtane. Ti av desse var Gåtemelodiar, og det seier vel det meste. Eg syns det er trist at bandet har spelt sine siste konsertar i Trøndelag og snart også er ferdig på landsbasis, seier Giske til NRK Trøndelag.

Reunion på Storås-festivalen?

Verken Gunnhild eller Sveinung kan svare på spørsmålet om Gåte nokon gong vil komme saman igjen og halde konsert.

Fleire har spekulert i at Storås-festivalen er eit fint høve til ein reunion.

- Ein veit aldri kva framtida byr på, det einaste vi veit akkurat no er at vi har sett eit førebels punktum, seier Gunnhild.

Den aller siste konserten held Gåte i Setesdalen lørdag, mens dei spelar på Rockefeller i kveld. Denne konserten blir også gitt ut på DVD.

Lyd og video

Lenker

Nyeste bildegallerier

Banner valgresultat 2011 656x80

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

50 siste Trøndelag

Siste bildegallerier