Blant dei fire slektningane og vennene irakisk politi har tatt dei siste dagane er ein niåring og ein tiåring. Den ti år gamle guten er nevøen til den drapssikta ektemannen. I tillegg er svogeren til ektemannen og to venner tatt.
Tryggleikssjef i Sulemaniya, Sarkawat Hassan Jalal, stadfestar overfor VG at ein ti år gamal gut er tatt av politiet.
- Guten er ikkje i fengsel, han blir tatt vare på av politiet på ein annan stad, slik at ikkje foreldra kan påverke han, seier Jalal til VG.
I følgje irakiske styresmakter har den kurdiske ektemannen til Marita Strøm gitt opp feil alder i Noreg. Han skal vere 33 år gamal og ikkje 25 som han har oppgitt her i landet. Mannen skal også ha gitt feil namn.
Om dette stemmer, har kurderen fått opphaldsløyve på falske premiss, skriv Aftenposten.
Prioriterer barna
Familien vil ha barna heim til Namsos (Foto: NRK)
Utanriksdepartementet jobbar på spreng for å få heim dei tre små barna til den drepne kvinna Marita Strøm frå Namsos.
Pressetalsmann i Utanriksdepartementet, Karsten Klepsvik, seier til NRK Trøndelag at dei har etablert kontakt med familiane både i Namsos og Irak.
Det er no førsteprioritet i departementet å få dei tre små barna heim til slektningane i Namsos.
- Vi hadde kontakt med barna i går, og etter omstende verkar det som dei har det bra, seier Klepsvik.
Bur hos slektningar
Dei tre barna til Marita Strøm, som ble drepen i Nord-Irak i helga, er tatt hand om tantene sine i Irak.
Trude Falch i Norsk Folkehjelp har besøkt barna i Irak (Foto: NRK)
Barnas familie i Namsos vil ha dei heim til Namsos så fort som muleg. I følgje Trude Falch i Norsk Folkehjelp, som har besøkt barna, er dette ei løysning som også barnas slektningar i Irak ser for seg.
Det er høgst uklart kva som eigenteleg skjedde då trebarnsmora frå Namsos blei skoten og drepen under ein ferietur i Irak.
Utanriksdepartementet konsentrerer seg om å finne ei løysing for dei tre barna, men dei veit ikkje når og korleis dei skal få dei heim.
- Vi må ha ein ny dialog med familiane og finne ut kva dei meiner er best.
Når det gjeld heimtransporten av avdøde, Marita Strøm, er det rutinar på det og Klepsvik trur ikkje det blir noko problem med det.