21.03.2010

Forbyr fyrverkeri

Fire dagar etter brannen i Søndre gate i Trondheim har politikarane vedtatt å forby fyrverkeri i sentrum.

Bur du i bydelen Bakklandet, Midtbyen, Møllenberg, Buran, Lademoen, Rosenborg, Singsaker eller Ila i Trondheim, har du heretter ikkje lov til å sende opp fyrverkeri.

Eit nesten einstemmig formannskap vedtok at det skal vere forbode for folk flest å sende opp rakettar. I staden vil politikarane ha offentleg fyrverkeri.

Nesten einstemmig...

Ola Borten MoeOla Borten Moe

Ola Borten Moe frå Senterpartiet stemte for forbodet:

- Vi veit alle at brannsikkerheit og alkohol er ein dårleg kombinasjon. Det samme gjeld forholdet mellom rakettar og personskadar, seier Borten Moe.

Forbodet gjeld fyrverkeri i klasse to og tre, men det går an å søke om unntak. Tilsvarande restriksjonar er også innført i Bergen og Oslo.

...men ikkje heilt

Svein Otto NilsenSvein Otto Nilsen

Berre ein einaste representant stemte imot. Svein Otto Nilsen frå partiet Demokratene, har ikkje tru på forbod:

- Eg skjønner ikkje korleis politikarane kan løyve pengar til offentleg fyrverkeri så lenge vi må kutte i helsesektoren og andre offentlege tilbod, seier Nilsen.

NETT-TV TRØNDELAG

Nyeste bildegallerier

NETT-TV TRØNDELAG

Siste riksnyheter

NRKsport.no