To personar i Lierne var i helga med på ei naturoppleving som vekkjer oppsikt, også i utlandet.
Sigvart Totland og Jarle Mogens Totsås såg ei kongeørn som tok ein bjørnunge og flaug avgarde med den. Dette er første gong det er gjort ein slik observasjon.
- Eg skjønte ikkje heilt kva som skjedde. Dette er ei naturoppleving som svært få får sjå, seier Jarle Mogens Totså, som er rovviltkontakt og skulle følgje ei binne med tre årsungar.
Sparka og skreik
Oppsynsmennene hadde ikkje fotoapparat med seg. (Foto: arkiv.)
Jarle Mogens Totsås var på oppdrag for Statens Naturoppsyn (SNO) saman med kollega Sigvart Totland då ørna tok bjørnungen ved Hartkjølen i Lierne.
Dei to sat 400 meter unna og såg på bjørnefamilien som gjekk oppover ein bratt skråning. Den minste bjørnungen på omlag tre kilo, gjekk ti meter bak dei andre.
- Brått kom det ei ørn og tok tak i bjørnungen og flaug avgarde med den. Bjørnungen skreik kraftig heile tida, og ørna flaug mot oss, så den kom veldig nært. Vi såg godt ungen som hang i klørne og sparka og skreik, seier Totsås til NRK Trøndelag.
Unik observasjon
Det første bjørneforskar og biolog Ole Jacob Sørensen ved Høgskolen i Nord-Trøndelag gjorde då han fekk høyre om kongeørna og bjørnungen var å kontakt kollegaer i utlandet.
Reaksjonane frå forskarmiljøet viser at dei to oppsynsmennene har vore med på noko heilt unik.
- Det er den første observasjonen eg og fleire andre bjørneforskarar kjenner til. Eg skulle veldig gjerne fått med meg dette, det går sikkert hundre år til ein liknande observasjon, seier Sørensen til NRK Trøndelag.
Torgeir Nygård i Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) kan søndagens observasjon samanliknas med det å finne snø i Sahara.
- Det har aldri vore gjort liknande observasjonar. Det er funnen ein død bjørnunge, som kan ha vore tatt av bjørn, men det er ingen som har sett at bjørnen blei tatt, seier Nygård.
I følgje bjørneforskarane har bjørnen alltid blitt sett på som eit rovdyr utan fiendar i dyreverda.