Hopp til innhold

Trylledrikk og gjøgleri i Prestegardshagen

– Det sat mange små barn heilt fremst og dei rørte seg ikkje under heile forestillinga, fortalde operasjef Randi Spets laurdag. Sundag 10. august kl. 14 er det familieforestilling med Tryllefløyten.

Tryllefløyten

FARGERIKT: Som hovudforestilling har Tryllefløyten i år fått større budsjett, og med det nye kostyme.

Foto: Knut Erlend Jegersen

tryllefløyten

OPERASTUDENT: Emil Solli-Tangen har rolla som Tamino.

Foto: Knut Erlend Jegersen

– Alle prinsar og prinsesser er inviterte!

Det fortel Randi Spets som er sjef for Opera Trøndelag.

Denne veka har det vore Operaveke hos Opera Trøndelag. Torsdag 7. august hadde dei premiere på Tryllefløyten i Prestegardshagen på Stjørdal. Det blir i alt fem forestillingar fram til 15. august.

– Me har gjort om Prestegardshagen til ein fortrylla hage. Me bruker heile hagen som kulisse og har ekte sirkusjøgleri med sjonglør, stylter, flammesluking, lirekasse, og trylledrikk til publikum.

I hagen er det plass til 500 publikummarar. På premieredagen var det fullt i hagen, og laurdag nesten like mange.

– Me vil så gjerne dele denne fantastiske opplevinga med det trønderske publikum!

LES OGSÅ: Fra barne-TV til Broadway

Kampen om sirkusprinsessa

Stykket handlar om kampen mellom sirkus Sarastro og sirkus Modern. Begge vil ha sirkusprinsessa Pamina som er ein særs god sirkusartist.

Utan å røpe for mykje, fortel Spets at det endar godt til slutt.

Opera Trøndelag sette opp Tryllefløyten i 2008-10. Men då hadde dei berre to forestillingar og eit trongt budsjett. I tilegg var forestillinga sett opp samstundes med hovudattraksjonen Olav Engelbrektsson.

– Likevel var dei smekkfulle den gongen, og sidan har folk kome og spurt etter Tryllefløyten dei åra me ikkje har sett den opp.

(artikkelen held fram under biletet)

Tryllefløyten

TIL HEST: Både folk og «dyr» er med på scenen.

Foto: Knut Erlend Jegersen

Midnattsopera i år òg

Derfor bestemte Opera Trøndelag seg for å satse stort på Tryllefløyten i år, og no har den blitt hovudforestillinga under Operaveka. Den har dermed fått eit større budsjett, og med det kjem nye kostymer, fleire oppsetjingar, ekstra lyssetjing og dyktige folk både på og bak scenen.

– Me har fått med oss kremen av songarar i Noreg, seier Spets.

Her finn du oversikt over dei som er med og set opp Tryllefløyten.

Tre av forestillingane byrjar kl. 22 om kvelden med ekstra lyssetjing.

– Dermed blir det midnattsopera i år òg, seier Spets.