skilleVæret i Finnmark enkelskilleSendingeneskillewww.euroarctic.comskille_slutt
Troms og Finnmark 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Troms og Finnmark > Finnmark Sist oppdatert 14:31
 

– Raserer fiskevatn med garn

Tana kommune gir for fjerde år på rad ut løyver til å fiske med garn under isen. Men Naturvernforbundet meiner vatna er for små til å tåle dette.

Publisert 20.02.2006 07:51. Oppdatert 20.02.2006 07:57.
Av Inger Johanne Sæterbakk

Dag Elgvin er kritisk til at 56 fiskevatn i Tana er åpna for garnfiske under isen. (Arkivfoto: NRK)
– Mange av desse vatna er veldig grunne. Det er kanskje eitt djupt felt midt på vatnet der fisken samlar seg. Om ein borer hull der og set garn i stjerneform ut frå holet, kan ein fiske vatnet tomt på svært kort tid, sier fylkesleiar Dag Elgvin i Naturvernforbundet.

Overfiske på 80-talet

Tana kommune har gitt løyve til 1900 døgn med garnfiske under isen i år. For omlag tjue år sia var det òg lov til å fiske med garn i Tana. Resultatet den gongen var overfiske og garnforbod. No har bestandane tatt seg opp på nytt, men Dag Elgvin fryktar likevel at dei små vatna ikkje tåler fisket.

– Kjentfolk i Tana har sagt til oss at det er maksimum åtte vatn som er store nok til å tåle garnfiske. Vi har fått ei liste frå kommunen med alle vatna; det er til saman 56 vatn, seier Elgvin.

Stoler på fiskarane

- Dei får ha den frykta. Eg skal ikkje svare på deira frykt, seier Inge-Kristian Nilsen, leiar for Garnutvisningsutvalet i Tana kommune.

Naturvernforbundet fryktar at garna skal fryse fast i isen på dei grunne vatna, og på den måten øydelegge levevilkåra for fisken. Nilsen bekymrar seg ikkje for dette

– Det er opp til kvar enkelt fiskar å sjå til at garna ikkje skal fryse fast. Eg trur folk er såpass vaksne at dei ikkje lar garna stå fast under isen, seier Nilsen.

Krev fagleg vurdering

Men Dag Elgvin meiner likevel kommunen burde avgrense fisket til dei åtte vatna som etter Naturvernforbundets meining er store nok til det. I ein skriftleg klage på kommunens praksis ved garnfiske, ber han òg om ei profesjonell vurdering av kor mykje fiske vatna kan tåle.

– Det er uansvarleg å tillete så mykje fiske utan å ha gjort noko biologisk vurdering av kva vatna tåler, seier Elgvin.

Nilsen forklarer det slik:

– Det er ikkje gjort noko stor evaluering, for i fjor var det mange av dei som skulle fiske som fall frå på grunn av at fjoråret var eit dårleg år. Det var lite fisking, seier Nilsen.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM NATUR OG MILJØ

Toppsakene fra NRK Troms og Finnmark
 
SISTE SAKER
Flere saker
NYHETSBREV PÅ E-POST

Få de viktigste nyhetene fra Troms og/eller Finnmark tilsendt på e-post – helt gratis!
Nyhetsbrev fra Nordnytt!

 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no