skilleVæret i Finnmark enkelskilleSendingeneskillewww.euroarctic.comskille_slutt
Troms og Finnmark 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Troms og Finnmark > Finnmark Sist oppdatert 14:31
 

Strengare mot barmarkskjøring

Fylkesmannen gir Naturvernforbundet medhald i klagen på barmarkskjøring i Kautokeino kommune.

Publisert 15.02.2006 10:01. Oppdatert 15.02.2006 11:03.
Av Inger Johanne Sæterbakk

I november i fjor klaga Naturvernforbundet på kommunens mange dispensasjonar frå motorferdslelova i samband med elgjakta.

Leiar i Naturvernforbundet i Finnmark, Dag Elgvin, trur Fylkesmannen no tar problemet svært alvorleg.

Strengare

- Fylkesmannen er mykje strengare en han har vore før, når han seier at det er påfallande at dei fleste traseane går til markerte toppar over fem hundre meter, seier Elgvin.

Han peiker òg på at Fylkesmannen har vanskeleg for å sjå at det er aktuelt å etablere leirplass på slike fjelltoppar. Fylkesmannen antydar at det heller er snakk om å bruke desse toppane som utsiktspunkt etter elg, og viltlova forbyr å bruke motorkjøretøy for å lokalisere viltet.

- Så fylkesmannen skriv rett ut at motorferdslebruken legg til rette for ulovleg jakt.

Strid om elgjakt

Kautokeino kommune har tidlegare nekta for at det er gitt fleire løyve til barmarkskjøring i samband med elgjakta, enn det som er nødvendig. Dette var Naturvernforbundet ueinig i, og sendte ein klage til Fylkesmannen i Finnmark.

No har altså Fylkesmannen konkludert med at åtte av dispensasjonane er for omfattande i forhold til behovet.

Dag Elgvin håpar Kautokeino kommune no vil skjerpe seg og gå bort i frå den praksisen dei har hatt dei siste åra.

- Eg synst det er veldig trasig at dei slepp det så og si heilt laust. For eksempel gav dei elgjegerforeininga lov til å drive oppsynsverksemd i heile kommunens område, riktignok etter kjørespor, men dei har det jo blitt mange av.


Toppsakene fra NRK Troms og Finnmark
 
SISTE SAKER
Flere saker
NYHETSBREV PÅ E-POST

Få de viktigste nyhetene fra Troms og/eller Finnmark tilsendt på e-post – helt gratis!
Nyhetsbrev fra Nordnytt!

 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no