skilleVæret i Finnmark enkelskilleSendingeneskillewww.euroarctic.comskille_slutt
Troms og Finnmark 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Troms og Finnmark > Finnmark Sist oppdatert 14:31
 

«Elektron»-kaptein sikta for lovbrot

Den russiske trålaren
Den russiske trålaren "Elektron"
Kapteinen er sikta for både ulovleg fiske og fridomsrøving.

Publisert 01.11.2005 11:15.
Av Jenny Duesund og Inger Johanne Sæterbakk

Påtalemakta i Murmansk har sikta Valerij Jarantsev, kapteinen på trålaren «Elektron», for to lovbrot: Ulovleg fiske og fridomsrøving. Ein representant frå påtalemakta i Murmansk opplyser til NRK at kapteinen risikerer fem års fengselsstraff, dersom han blir funnen skuldig i dette.

Ikkje meininga å kidnappe dei

Viktor Potapov, som er representant for sentral russisk påtalemakt, seier i eit intervju med russisk radio, at det er funnen ulovleg produksjonsreiskap ombord på «Elektron».
Sjølv om siktinga seier at kapteinen har tatt frå dei to inspektørane fridomen, understreker Potapov at dei ikkje trur at det var meininga å kidnappe dei to. «Elektron»-kapteinen sjølv ligg framleis på sjukehus og har ikkje forklart seg.

- Overraskande

- Den første reaksjonen frå fiskerimiljøet i Murmansk er at dette er den norske kystvakta si skuld, fortel NRKs medarbeidar i Murmansk, Jelena Larionova. Ho seier det ikkje var forventa at kapteinen skulle bli sikta, og trur fiskerimiljøet vil kome med protestar, fordi dei meiner den norske kystvakta har opptredd ulovleg.
- Dei fleste i Murmansk støttar mannskapet på «Elektron», og meiner vanlege fiskarar er ofre for diplomatiske spørsmål mellom Norge og Russland, seier Larionova.

Hjelp frå norske inspektørar

Siktinga skal ha kome på plass med hjelp frå dei to norske inspektørane, som var om bord på «Elektron» i fire døgn.
- Russisk påtalemakt har fått stadfesta av inspektørane at kapteinen og mannskapet ombord på «Elektron» har nytta ulovleg fiskereiskap, fortel Jelena Larionova.

Norsk etterforsking som planlagt

Troms politidistrikt har ansvar for etterforskinga av «Elektron».
- Sjølvsagt er det interessant for oss at saka har blitt handsama av russiske påtalemakt, men førebels endrar vi ikkje den planlagte etterforskinga, seier statsadvokat i Troms og Finnmark, Lars Fause.

Politimeister ved Troms Politidistrik, Truls Fyhn seier til NRK at han er overraska over at russarane har sikta kapteinen. Svalbardsona, der «Elektron» vart tatt for tjuvfiske, er underlagt norsk jurisdiksjon og siktinga skal difor bli tatt ut av norsk påtalemakt. Norsk politi ventar no på løyve til å kome inn i Russland og etterforske saka derifrå.

Stolte ikkje på norske bevis

Russisk påtalemakt har lenge sådd tvil om bevisa frå den norske kystvakta.

- Biletematerialet kan ha vore tatt kor som helst, uttalte nestsjefen for grensepolitiet i Murmansk, Leonid Mirosjnisjenko, då «Elektron» vart løyst frå militær arrest 21. oktober.

Bakgrunn: Russisk tråler rømmer fra Kystvakta (17.10.2005)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ELEKTRON

Toppsakene fra NRK Troms og Finnmark
 
SISTE SAKER
Flere saker
NYHETSBREV PÅ E-POST

Få de viktigste nyhetene fra Troms og/eller Finnmark tilsendt på e-post – helt gratis!
Nyhetsbrev fra Nordnytt!

 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no