Skilletoppknapp fylkesleksikonSkilleNynorsk mediesenter GUL logo toppknapp 115pSkilleLokalradio på internett toppknappSkille_slutt
Sogn og Fjordane toppbanner 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Ymse Sist oppdatert 14:11
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6801 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42

Nordfjordkontor: 57 86 08 01 Sognekontor: 57 67 58 10

Distriktsredaktør:

Nettansvarlege:

 

Huskunstnar Ludvig

Ludvig Eikaas har vore "huskunstnaren" til NRK Sogn og Fjordane sidan han laga bumerket vårt – Kvamshesten – i 1992.
Eikaas er frå Jølster, og fjordhesten har vore eit sentralt motiv for han heilt sidan debuten i 1946. I samband med 80-årsdagen hans i 2000 fekk Ludvig Eikaas St. Olavs orden for kunsten sin.

Publisert 27.11.2001 15:22. Oppdatert 26.04.2002 15:30.
SE OGSÅ:
ALT OM:
(Foto: Arild Nybø, NRK)
Ludvig Eikaas er frå Jølster i Sunnfjord, fødd 20.12.1920. I samband med 80-årsmarkeringa for han i heimbygda 21.10.2000 vart han utnemnd til Riddar av første klasse, St. Olavs Orden, for kunsten han har skapt og evna si til å formidle kunst.

Han har særleg utmerka seg som grafikar. Han debuterte på Haustutstillinga i 1946 og har budd i Oslo sidan 40-talet. Men med åra har røtene heimover byrja rykkje, og i 1994 gav han 100 originalkunstverk til Jølster kommune – verk som i dag er å sjå i Eikaas-galleriet på Ålhus. På Ålhus har også Eikaas sommarbustad og atelier.

Ludvig Eikaas hevdar at bumerket vårt – Kvamshesten – er eitt av hans beste kunstverk, og den beste hesten han har laga. Det var i 1992, og namnet har hesten etter det karakteristiske fjellet i Gaular. Hesten er på diverse lausøyre frå NRK Sogn og Fjordane som vert brukt som premiar og takk for tips.

Forutan all kunsten på Eikaas-galleriet kan ein i Sogn og Fjordane sjå kunst av Eikaas på Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde og i sonen sitt kunstgalleri i Hyen. Utomhuses finn du det fargerike, og i si tid så omstridde, veggmåleriet på Sentralsjukehuset i Førde, utanfor posten i Førde står "Hest i motvind" og på hamna i Florø "Fiskarguten". Ved inngangen til NRK Sogn og Fjordane finn du "Kvamshesten" laga i smijern.

Ludvig Eikaas er halden for å vere ein av notidas fremste portrettmålarar, og i samband med at Einar Førde slutta som kringkastingssjef 13. juli 2001, fekk han eit portrett av seg signert Ludvig Eikaas. Det var sunnfjordingen Eikaas sitt portrett av sogningen Førde; eit dobbeltportrett av Førde og hinmannen, tru mot Einar Førde sitt "image" som den fandenivoldske Einar Førde. Portrettet var NRK si offisielle avskjedsgåve til Einar Førde.


Siste saker:

 
10 SISTE NYHENDE FRÅ NRK SOGN OG FJORDANE
Send ei platehelsing med NRK Sogn og Fjordane
5 SISTE SPORT FRÅ NRK SOGN OG FJORDANE
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no