Hopp til innhold

Sande blir parlamentarisk nestleiar

Erling Sande vart onsdag vald til ny parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet.

Erling Sande

Erling Sande (Sp) under valvaka på Sunnfjord hotell.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Erling Sande tek over etter Trygve Slagsvold Vedum frå Hedmark. Slagsvold Vedum er nestleiar i partiet, og tek over som parlamentarisk leiar.

- Det er heilt klart ei tillitserklæring frå gruppa, seier Sande som skal til på sin andre periode på Stortinget som vara.

- Ærefull oppleving

Sande vart vald då den nye og gamle stortingsgruppa til Senterpartiet samla seg i dag. 30-åringen har bak seg to år i gruppestyret. Som nestleiar, er han også vara som parlamentarisk leiar.

- Det er spanande med nye utfordringar. At gruppa viser meg denne tilliten, er ei ærefull oppleving. Eg er audmjuk i høve til at eg er mellom dei yngste i gruppa, seier Sande.

FN-delegasjon

Det blir likevel ei viss tid til Sande skal i dyst som parlamentarisk nestleiar. Den neste månaden skal han til New York og FN si generalforsamling. Men han blir ikkje åleine frå fylket.

Mellom dei seks som reiser over i første pulje, er også Borghild Tenden (V) frå Stryn og Gunvor Eldegard (Ap) frå Årdal.