26.05.2012

Bråstad får klubba i Hyllestad

Tore Bråstad frå Senterpartiet blir ny ordførar i Hyllestad.

Bråstad tek over klubba etter Ap-veteran Harry Mowatt, som takkar av etter 12 år som ordførar.

- Vi gjev ikkje frå oss alt, seier Tore Bråstad, Senterpartiet sin ordførarkandidat i Hyllestad. (Foto: MMS-Foto: Privat)

Senterpartiet har inngått eit valteknisk og politisk samarbeid med Kristeleg Folkeparti og Høgre. Bjarte Haugstvedt frå Krf blir varaordførar.