Hopp til innhold

Margunn Haugenes tek ansvar

Tidlegare Kaupanger-spelar Margunn Haugenes har teke over trenaransvaret i den kriseråka toppserieklubben Amazon Grimstad.

Margunn Haugenes
Foto: NRK

Fleire sentrale spelarane er borte, og mykje ansvar er lagt på skuldrane til jenta frå Eikefjord.

- Etter alt styret i klubben enda eg opp som spelande hovudtrenar. Det blir ein tøff haust med mykje ansvar, men det er ei kjempestor utfordring, så det blir spennande.

 

- Må berre trø til

- No har eg vore i klubben i fire år og vore med og spelt laget opp i toppserien, og då kan eg ikkje berre sitte og sjå på at den går til grunne når eg har den kompetansen og den erfaringa eg har. Så eg sa til styret at eg kan stille opp og hjelpe til med det eg kan bidra med, så får andre ta den økonomiske biten. Vi må berre trø til alle som kan og prøve å berge det, for det er for dumt når vi har kome opp i toppen å gi slepp på det.

Sa opp trenar og spelarar

Det var i slutten av juni at toppserieklubben Amazon måtte gå til det dramatiske steget å seie opp både hovudtrenar, Jan Aksel Odden, og kontraktane med fleire sentrale spelarar for å kutte kostnadene i den økonomisk skakkøyrde klubben. For å sikre vidare drift har Margunn Haugenes teke ansvar både som spelar og trenar, men er uroa over tynn spelarstall.

- Vi er svært få, det tek til å nærme seg at vi kan slite med å stille lag i enkelte kampar. No leitar eg med lys og lykter etter å få inn to-tre spelarar til. Det håpar eg vi greier.

Har teke trenarutdanning

Margunn Haugenes har litt av ei merittliste som spelar. Ho har spelt ni cupfinalar og vunne fem av dei. Ho er seriemeister fire gonger, og ho har spelt 81 landskampar. I 2000 spelte ho på laget som tok OL-gull. Eikefjord-jenta bidrog også til sølv i VM og EM i 1991 og EM-bronse i 2001. Parallelt har ho teke trenarutdanning, men om ho vil satse vidare som trenar på høgt nivå utover redningsaksjonen i Amazon har ho ikkje hatt tid å tenke på.

- Fotball ein del av livet

- No er det såpass tøft det vi er oppe i at eg ser ut denne sesongen. Så får vi sjå korleis den privatesituasjonen min er, eg har ein familie å tenke på og. Men fotball er ein del av livet mitt, og eg vil heilt sikkert halde på med fotball på ein eller anna måte i åra framover og.

Amazon Grimstad ligg på sjetteplass i toppserien med 10 poeng før haustsesongen tek til komande helg.