Hopp til innhold

Hafsås norsk meister

Helge Hafsås frå Olden vart laurdag den første norske meisterne i ultramaraton i Fana.

Helge Hafsås
Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Den 42 år gamle oldaren vurderte å bryte løpet på grunn av ein lårmuskulatur som ikkje var heilt med på notane.

Men han beit tennene saman og vann 100-kilometersløpet på sju timar, 35 minutt og 55 sekund. Det er nesten 45 minutt etter hans eigen norske rekord frå 2006.

Men trass i at han var langt frå sitt beste var han heilt suveren, og han vart historisk som den første norske meisteren på denne sjeldne distansen.

Ein annan løpar frå Sogn og Fjordane, Per Olav Bøyum frå Syril, tok sølv med tida 7.55.28, altså nesten 20 minutt bak Hafsås.