Hopp til innhold

NM-gull til Stavang

Eivind Stavang gull på 60 meter hekk i innandørs-NM i Stangehallen. Det er første senior-gull til 24-åringen frå Florø.

Men Stavang greide ikkje kvalifiseringsgrensa til innandørs-EM til våren. Tida hans vart 8,05. Det er 15-hundredelar bak EM-kravet.

Siste sjanse for Stavang er innadørs i Florø om 2 veker. Stavang seier han var uheldig med starten i Stangehallen. Han er likevel i tvil om han når EM-kravet.

- Gleda over å ha teke den første seniortittelen overskyggar EM nett no. Det er ein stor motivasjon for vidare satsing, seier Stavang.