Hopp til innhold

Spektakulære skistunt

20 skikøyrarar i sving under heilkopterfilming i Sogndalsdalen.

Skikøyring i Sogn
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå filmen frå skikøyring her. Fotograf: Torje Bjellaas, NRK

- Me har hatt med omlag 20 karar på ski som har sett utfor toppar som Grånipa, Togga, Frudalshesten, Storehogen, Badnakona og Sogndalseggi i tillegg til eit par toppar eg ikkje trur har nokon namn, seier Tor Yttri, sjefen for Fjellsportfestivalen i Sogndal.

Sjå dei spektakulære bileta her!

Bilete til guidebok og DVD

Opptaka og bileta frå i går skal mellom anna brukast til ei guidebok om toppturar i Sogndalsdalen, Jostedalen og Vest-Jotunheimen. Og til ein dvd om festivalen, og til eit tv-program om Fjellsportfestivalen som skal sendast på NRK1 6. april.

- Veret var ikkje perfekt før Fjellsportfestivalen, og sjølv om det vart bra under festivalen ville me ikkje ha helikopterflyging i Sogndalsdalen då, seier Yttri.

- Men er ikkje heliopterflyging eit forstyrrande element i eit slikt fjellområde?

- Me valde å gjera det slik for å få så gode bilete som råd for å visa fram området vårt. Men me har passa på å ikkje leggja opptaka til ein kvardag for ikkje å uroe dei mange som går fjellturar her i helgene, seier Yttri.

Skistunt i Sogndal
Foto: Sindre Thoresen Lønnes