Fjellsportfestivalen 2009

Publisert 02.03.2009 10:50. Oppdatert 02.03.2009 11:00.
- Skriv ut
Her kan du sjå TV innslaga som vart vist i Vestlandsrevyen under Fjellsportfestivalen 2009 i Sogndal. Under finn du innslag frå både torsdag og fredag.
Videoinnslag frå torsdag 26. februar 2009
Jostedalsbreen kan også opplevast utan stegjarn og tau. Men skikøyring på bre er ikkje for kven som helst. Vil ein prøve det bør ein vite korleis isen under snøen ser ut, kvar sprekkene ligg og kvar snøbruene er usikre.
Fred Syversen er ein av dei beste frikøyrarane i verda og har verdsrekorden i klippedropping med eit fall på 107 meter. Det var eit uhell som heldt på å ta livet av han. Under Fjellsportfestivalen lærte han folk korleis dei skulle hoppe og droppe trygt.
Skikøyring med drahjelp frå hestar er populært i Nord-Amerika, men ukjent i Europa. Var hesteski-showet på Selseng det første i Norge nokon sinne?
Sjå dei Fred Syvertsen saman med dei villaste skikøyrarane i Sogn utfalde seg med fjellet Storehogen, fjorden, puddersnø og skyer som kulisser.
Videoinnslag frå fredag 27. februar 2009
Kinesisk utfor er ein svært enkel disiplin. Alle startar på likt og førstemann ned fjellet har vunne. Her gjeld det å halde seg på føtene i eit startfelt med mange kjende namn.
Malene Haukøy kondis som svært få andre. Men Gunnvordalen viste seg å bli ein tøff motstandar i Randonné-konkurransen.
Fleire og fleire legg vekk telemark-skia og satsar heller på Randonné-utstyr. Asbjørn Eggebø Ness prøver å halde stand som ein av dei siste, profesjonelle telemarkskøyrarane, men det er ikkje så enkelt.
Har du nokon gong lurt på kva som går raskast på puddersnø av eit surfebrett og ein kajakk? Ikkje vi heller, men det var moro å finne det ut.
Fjellsportfestivalen hadde og aktivitar for barn.

Pensjonatet Eplet (oppi bakken med epleskilt på altanen) ligg idyllisk til i Solvorn.
Foto: Merete Høidal/NRKEplet får skryt i Lonely Planet

Me starta turen med tog frå Flåm til Myrdal. Flåmsbana har innlagt stopp ved Kjosfossen for å helse på huldra.
Foto: Merete Husmo HøidalBli med langs Rallarvegen
Bli med på Sognefjell
Frå Skjolden ved Sognefjorden og opp til Sognefjell får du fantastiske opplevingar.
Bli med til Haukånipa
790 meter over havet, på nordsida av Norddalsfjorden, ligg Haukånipa. Bli med på turen opp!

'Olav Liheim utan ballar' - Big Jump konkurranse























