26.05.2012
No kan du røyste:

Kven vil vinne fylkestoppen?

Åshild Mundal under Julelutt 2011 (Foto: Øystein Torheim)

Åshild Mundal frå Luster har vunne Fylkestoppen to månader på rad. Kan ho klare det på ny i februar?

Foto: Øystein Torheim

Her kan du lerver di røyst til fylkestoppen i februar.

Sju melodiar kjempar om å vinne fylkestoppen i februar.

Siste fylkestoppen

Dette vert også den siste fylkestoppen vi sender på radio i denne omgang. På grunn av omlegging av sendeskjemaet vil Fylkestoppen utgå frå mars 2012. Fylkestoppen har vore Sogn og Fjordane si musikkliste der lyttarar og ein fagjury bestemmer resultatet. Sendinga har du høyrt ein gong i månaden på NRK Sogn og Fjordane.

Resultat Fylkestoppen januar 2012

Pl.TittelArtistPoengMnd
1.Lukklegaste i VerdiÅshild Mundal2792
2.This is all for youHouse of Clowns241Ny
3.Betty BlackGreen Granadas2383
4.Fisherman's BluesHimora233Ny
 UT AV LISTA:   
5.Klart eg kanLothe og Ellingsen228 
6.Vi tok dei for gittSteinar Engelbrektson band219 
7.SummerflirtAsgeir & Mo216 

Slik kan du røyste

Fylkestoppen si februarutgåve høyrer du torsdag 23. februar klokka 11. For å røyste merker du av din favoritt, og trykker stem. Du kan maksimalt røyste ein gong i døgnet frå kvar pc(ip-adresse). Du kan også røyste på SMS under radiosendinga. Siste frist 23. februar klokka 10.

Finn din favoritt, merk av og trykk stem.

Velg ett alternativ


PS! På grunn av brot i avtalen mellom IFPI og NRK har vi desverre ikkje løyve til å legge ut musikk på nettsida vår. Difor kan du ikkje høyre låtane her.

Åshild Mundal (Foto: Pressefoto)

Lukklegast i verdi - Åshild Mundal

Åshild Mundal frå Luster gjekk til toppen i den siste fylkestoppen i 2011. Ho har fått stor merksemd for debutplata si "Fritt Fall". Åshild Mundal har lenge vore kjent for si gode stemme, mest brukt i samsong med kjente artistar som Dance With a Strangers, Tommy Körberg, Sissel Kyrkjebø og Jan Eggum. No står artsiten frå Hafslo på eigne bein, og har hausta framifrå meldingar frå norske musikkmeldarar. Nrk P1 sin meldar gav 8 av 10 moglege poeng til "Fritt Fall".

Ola Weel Skram (Foto: Privat.)

This Is All For You - House Of Clowns

Det nye bandet "House Of Clowns" med Ola Weel Skram i spiss kom inn på lista i januar. Gruppa er sett saman av av tidligere elever frå Viken Folkehøgskule, som har funne fram til eit felles musikalske uttrykk. House of Clowns er, Ole Kristian Stølen, Jonatan Eikum, Ronald Øverland, Petter Knagenhjelm Lysne og Ola Weel Skram. På fylkestoppen ligg dei med låten, This Is All For You, som er skriven av Ronald Øverland og Ola Weel Skram.

Green Granadas (Foto: Pressefoto.)

Betty Black - Green Granadas

Betty Black er henta frå den nye plata "Ready, Set Go!" frå rockabilly-bandet Green Granadas. Plata kom ut i november, og er nummer to i rekka frå gruppa som er kjent for sin drivande 50-talsrock. Dei er eit forrykande liveband med ståande trommeslager (Inge Villy Hauge, frå Bremanger.) På fylkestoppen prøver kvartetten seg med ei kjærleikserklæring frå bassist Allen D Rocker ( Roger Allan Ivin ) til kontrabassen sin «Betty Black». Dei to andre i kvartetten er Freddie Frantic (Odd-Erik Lothe) og Slick (Ståle Wick.)

Himora (FOTO:hallrefoto.no)

Fisherman's Blues - Himora

Himora er for tida ute med si første langspelplate "Argue all you want". Gruppa har tatt namnet Himora, men med same besetning som musikk-kjennarar hugsar som "Heyseed" med florøværingen Terje Kjørlaug i spiss. I tillegg er Morten Fredheim, Remi Fagereng og Endre Hallre musikarar i kvartetten "Himora". På Fylkestoppen kom dei inn som utfordrarar i januar med spor nummer 9 på plata, Fisherman's Blues.

Tone Damli Aaberge. (Foto: EMI)

Look Back - Tone Damli

I vår kjem Sogndalsjenta Tone Damli ut med samleplate frå karrieren sin så langt. Men det blir også nokre nye spor på plata. Mellom dei er låta Look Back som har fått gode tilbakemeldingar og lista på fleire store radiostasjonar. Tone har også fått mist like mykje merksemd for videoen til den nye singelen sin, som for sjølve låta. No prøver vi låta Look Back på Fylkestoppen.

Håvard Lothe Band (Foto: Oddleif Løset/NRK)

Greatest Day - Håvard Lothe Band

Håvard Lothe Band deltok i starten av februar i Melodi Grand Prix med låta Greatest Day. Bandet deltok på heimebane under delfinalen i Florø, men vart ikkje sendt vidare til den nasjonale finalen. Bandet har bak seg to album tidlegare, og jobbar no med det som skal bli det tredje. Låta skreiv vokalist Håvard Lothe etter han fekk vite at han skulle bli pappa for første gong. No prøver bandet seg på fylkestoppen med MGP-låta.

Thea Hjelmeland på bylarm 2012 (Foto: Stian Sjursen Takle/NRK)

In This Town - Thea Hjelmeland

Etter ein lang arbeidsperiode på mange år gav Thea Hjelmeland frå Førde endeleg ut plata si i ferbuar. Ho presenterte den for aller første gong under bransjetreffet Bylarm i Oslo, og fekk strålande kritikk for både plate og konsertar. Mellom anna gav VG og Aftenposten ho terningkast 5. NRK P1 sin musikkmeldar Atle Bredal gav den karakteren 8 av 10 poeng. Han trekker fram låta In This Town, som også prøver seg på fylkestoppen i februar.

Siste: Lutt

Siste: Sogn og Fjordane