Rockejentene sin dag i rampelyset

DYKTIGE JENTER: Marianne Rønneseth, Irmelin Fimreite, Kristianne Gimmestad Gule og Anette Lekva utgjer gruppa Arvandor som spelte på Blest.
Foto: Geir Bjarte HjetlandJentene i gruppa Arvandor fekk verkeleg si helg i rampelyset. Først heftig konsert, så dagen derpå med styling og fotosession. Dette gav meirsmak for jentene som no satsar hardt på musikken.
Publisert 18.09.2011 18:38. Oppdatert 18.09.2011 18:39.
- Kommentarer
- Skriv ut
Blest
- Blest vart arrangert for første gong denne helga på Nordfjordeid i regi av musikkorganisasjonen Brak.
- Åtte band spelte, medan om lag 120 delegatar totalt deltok på ulike seminar og debattar
- Blest Live vart skipa til i konsertlokalet Gymmen både fredag og laurdag
Arvandor var eit av åtte band som var plukka ut til å spele på det store musikkbransjetreffet Blest på Nordfjordeid i helga.
Dei var eit av dei første banda som fekk spele på scena i Gymmen fredag kveld, og med sin heilt særeigne stil imponerte dei publikum stort.
(Artikkelen held fram under biletet)

PÅ NRK: Måndag morgon kan du høyre intervju med Arvandor. Her intervjua av Stian Sjursen Takle.
Foto: Geir Bjarte HjetlandDelar på vokalrolla
Arvandor har valgt ein modell der dei delar på vokalistrolla, noko som framstod som ei spennande løysing.
– Målet er at alle skal vere med og synge, fortel Arvandor, som er sett saman av Marianne Rønneseth, Irmelin Fimreite, Kristianne Gimmestad Gule og Anette Lekva.
- LES OGSÅ: Musikkbransjen samla i helga
Fekk fram nye sider
Laurdagen, derimot, var det stil og steming som var i fokus. Først fekk bandet profesjonell styling, og nokre timar seinare stod fotosession for tur.
To erfarne fotografar fekk fram Arvandor-jentene sin stil i kameraruta.
– Dette var veldig kjekt og spennande. Ein fin måte å få fram nye sider av seg sjølv, seier Irmelin Fimreite frå Hyllestad.
Ho er ein av i alt tre jenter i bandet frå Hyllestad i Ytre Sogn, medan Kristianne kjem frå Sandane.
Viktig å møte andre
No satsar dei vidare på bandet, sjølv om dei fysisk sett er geografisk spreidde frå Bergen til Naustdal.
For Arvandor var det stas å få vera med på Blest på Nordfjordeid.
– Det å møte andre i musikkbransjen er viktig, og såleis var Blest ein strålande arena, meiner Arvandor-jentene.
(Artikkelen held fram under biletet)

ALEINE PÅ SCENA: Iselin Løken Solheim serverte stemningsfulle tonar frå scena i Gymmen på Nordfjordeid.
Foto: Geir Bjarte HjetlandIselin utan band
Men det var slett ikkje berre Arvandor som fekk synt fram at det rører seg blant jentene i musikkbransjen i Sogn og Fjordane.
Iselin Løken Solheim er i ferd med å byggje opp ei karriere som singer / songwriter, og stod mutters aleine på scena i Gymmen på Nordfjordeid.
– Det var spennande og litt nytt å stå aleine på denne måten utan å ha med bandet, men det var ei flott oppleving, meiner Iselin.
Ho satsar no vidare på musikken med base i Oslo, der ho kombinerer musikkarieren med jobb på Moods of Norway.
Stor sans for Blest
Dei åtte banda som var plukka ut til årets Blest serverte musikk frå pop- og rocksjangeren.
Men styreleiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag, Synnøve Bjørset, meiner likevel at arrangementet bør vere kome for å bli.

LIKTE BLEST: Øyvind Heggheim frå bandet Drusar og Synnøve Bjørset frå folkemusikklaget trivdes godt i sola på Nordfjordeid.
Foto: Geir Bjarte Hjetland– For meg som er djupt engasjert i folkemusikken, er det også stas å kome hit og sjå at det gror godt i musikkmiljøet ellers også. Men på sikt bør kanskje Brak vurdere å ta nokre grep som gjer at ein enno større del av det rytmiske feltet blir representert både på scena og blant delegatane, meiner Bjørset.
Må sjå over grensene
Ei rekkje arrangørar var og tilstades på Blest. Mellom dei var Alvin Vestrheim frå suksessfestivalen Bygdalarm i Øystese i Hardanger.

BYGDALARM: Alvin Vestrheim har vore med og skapt kjempesuksessen Bygdalarm i Øystese i Hardanger.
Foto: Geir Bjarte Hjetland– For meg som arrangør er Blest ein viktig møtestad. Det å knyte kontaktar og byggje nettverk er heilt avgjerande for suksess, meiner Vestrheim.
Han meiner at det er viktig at dei lokale musikkulturane på Vestlandet ikkje heng seg for mykje opp i fylkesgrensene.
– Bygdekulturen er like sterk i Eid som i Hardanger, og vi har mykje å lære av kvarandre. Ikkje minst i det å vere stolte over kvar vi kjem frå og det vi klarer å skape, meiner Bygdalarm-sjefen.
Galleri
Siste: Lutt
- Kven vil vinne fylkestoppen?
- Vreid får drahjelp av Paradise Lost
- No slår ho eit slag for halvemålet
- No kan du røyste på fylkestoppen
- Åshild Mundal vann Årets fylkestopp
- Åshild Mundal på a-lista til P1
- Her kan du røyste
- Majorstuen slepp fransk samleplate
- Åshild vann fylkestoppen
- Kven vinn siste fylkestoppen i år?
Siste: Sogn og Fjordane

VANN: Sigrid Moldestad vart kåra til årets artist i Sogn og Fjordane under Julelutt 2010 på Nordfjordeid laurdag kveld.
Foto: Simon Solheim/NRKMoldestad årets artist i fylket
Klare for Julelutt
Fylkesbandet har hatt si første øving. Om ein månad står dei på scena saman for aller første gong.
Siste: Lutt
Kven vil vinne fylkestoppen? - Vreid får drahjelp av Paradise Lost
- No slår ho eit slag for halvemålet
- No kan du røyste på fylkestoppen
- Åshild Mundal vann Årets fylkestopp
- Åshild Mundal på a-lista til P1
- Her kan du røyste
- Majorstuen slepp fransk samleplate
- Åshild vann fylkestoppen
- Kven vinn siste fylkestoppen i år?

Blest 2011



















Sju kilo tyngre på 14 år