Hopp til innhold

Hattrick for Stedje

For tredje gong på rad vinn Olav Stedje Fylkestoppen.

Olav Stedje
Foto: Simon Solheim / NRK

Omlag 2500 røyster kom inn til den første fylkestoppen i 2011. Det vart jamt blant dei sju artistane som kjempa om å vinne. Men Olav Stedje og Tom Stockman kom eit hestehovud før dei andre.

Resultat Fylkestoppen januar 2011

Pl.

Låt

Artist

Poeng

Mnd

1.

Ikkje utan deg

Olav Stedje

255

5

2.

Uro

Tom Stockman

250

Ny

3.

God som eg var mot deg

Kathe Sunde

222

3

4.

Bremangerreggi

Div. artistar

221

2

4.

Spelegalskap

Steinar Karlsen

221

Ny

 

UT AV LISTA:

 

 

 

6.

Budleriggen og Torever

Kaupangersong

219

2

7.

Eg er havet

Liv Kreken

210

Ny

Berre to låtar ut

Sidan det vart delt fjerdeplass blir fem melodiar med til fylkestoppen i februar. Dermed blir det berre to utfordrarar til neste månad. Fylkestoppen er Sogn og Fjordane si eiga musikkliste med artistar frå fylket.

Neste fylkestopp kan du høyre på NRK Sogn og Fjordane torsdag 24. februar klokka 11.