Hopp til innhold

Her er finalistane

Kven av desse sju artistane vinn Luttprisen - årets artist frå Sogn og Fjordane?

Luttprisen overrekking til Håvard Lothe
Foto: Simon Solheim / NRK

- Det er du som bestemmer

OBS! Det er ikkje lenger mogleg å levere røyster til Luttprisen 2010.

No er det klart for finalerunde i Luttprisen. Omlag 8000 røyster kom inn i første runde. Det er du som saman med fagjuryen bestemmer kven som skal vinne. Finn din favoritt, merk av og trykk stem i skjemaet under. Du kan røyste ein gong i døgnet fram til torsdag 25. november kl 10.00.

Vert delt ut i Operahuset Nordfjord

Luttprisen vert delt ut under Julelutt i Operahuset Nordfjord laurdag 27. november klokka 1800. Prisen er eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest og eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim.
PS! Arrangementet er utsolgt.
Lokal supergruppe spelar på Julelutt 2010.
Desse 30 artistane var nominert til Luttprisen

Tyyl! på Fresn 2010
Foto: Bjørn Heggestad

Tyyl!

Sognebandet Tyyl! gav i 2010 ut si første plate med tittelen "Ber Bod." Plata fekk karakteren 7 av 10 i radioprogrammet Norsk på Norsk i NRK P1, og vart i september kåra til Ukas Urørt i NRK P3.

Johanna Knudsen

Johanna Knudsen
Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Johanna Knutsen frå Jølster deltok i MGP junior på NRK1. Ho var ein av ti finalistar som deltok under finalen frå Oslo Spektrum i beste sendetid på laurdagskvelden. Johanna kom ikkje heilt opp, men fekk ei stor oppleving i Oslo Spektrum.

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad fekk to prisar denne helga.
Foto: Therese Asker

Sigrid Moldestad gav ut si andre soloplate med tittelen Sandkorn. Sogn Avis trilla treningen til ein seksar, og i Bergens Tidende fekk ho ein solid femmar. I september vart ho kåra til årets folkemusikar i Norge 2010.

Olav Stedje

Olav Stedje
Foto: Helge Jørgensen Fotomarked AS

Olav Stedje kom 4. oktober med si tolvte plate. Sogndølen debuterte i 1981, og seier sjølv at denne plata kjem høgt opp blandt dei han er mest nøgd med. Radioprogrammet Norsk på Norsk i NRK P1 gav Stedje karakteren 7 av 10 poeng for plata "Ikkje Utan deg." Tittelsporet har lagt inne på spelelistene til NRK P1.

Arne M. Sølvberg

Ved Jakupsteinen
Foto: Albumcover

Stryningen Arne M. Sølvberg er ein av dei store spelemennene i Sogn og Fjordane. I tillegg til ei rekkje konsertar i 2010, har han gjeve ut plata med gruppa Jakup, der han speler saman med trekkspelaren Kjell Plassen.

Vreid

Vreid på Bylarm 2010
Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Svartmetallbandet Vreid frå Sogn starta også året med å spele på det største bransjetreffet i Norden, By:Larm. I haust har dei gjeve ut DVD, og reist ut på ein større turne i Europa. Vreid har etterkvart fått eit stort namn i Europa.

Liv Kreken

Liv Kreken
Foto: Glenn Karlsen.

Liv Kreken gav i oktober ut si første plate. Plata har fått tittelen "Søt og snill," og er ei blanding mellom balladar og meir fartsfylte låtar. Kvinna som kjem frå Jostedalen i Sogn vert plassert i sjangeren visesong.