Hopp til innhold

Røyst på Fylkestoppen

No kan du levere di røyst til Fylkestoppen torsdag 16.september.

Sigrid Moldestad og Eva Weel Skram

Det skilde berre eitt poeng mellom Sigrid Moldestad og Eva & The Heartmaker i august. Korleis vil det gå i september?

Foto: Stian Sjursen Takle/NRK.

Fylkestoppen si neste utgåve høyrer du torsdag 16.september klokka 11. For å røyste merker du av din favoritt, og trykker stem. Du kan maksimalt røyste ein gong i døgnet frå kvar pc. Du kan også røyste på SMS under radiosendinga.

Siste frist for nettrøyster er kl 10 torsdag 16.sept.
Les og; Jamnare Fylkestopp enn i august finn du ikkje
(RØYSTESKJEMAET ER NO STENGT. HØYR SENDINGA LIVE KL 11-13)

Ein Sæl Kyss - Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad under Bylarm 2010

Sigrid Moldestad frå Bylarm i Oslo 2010.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Sigrid Moldestad har stor suksess med den siste plata si Sandkorn. Breimingen har gjesta både tv og konsertscener i sommar, og er også på spelelistene til NRK P1. På fylkestoppen gjekk ho til topps for tredje gong i august med radiosuksessen "Ein sæl kyss." Sandkorn er den andre soloplata frå Sigrid Moldestad som debuterte i 2007, med temaplata Taus. Ei plate som også gav spelmannspris til tausa frå Breim.

Mr. Tokyo - Eva & The Heartmaker

Eva Weel Skram

Eva Weel Skram og resten av Eva & The Heartmaker frå sommarfest i Ortnevik 2010.

Foto: Stian Sjursen Takle/NRK.

Sogndalsjenta Eva Weel Skram sitt band Eva & The Heartmaker går så det susar på norsk radio i desse dagar. Låta heiter Mr. Tokyo, og har vore blant dei mest spelte både på NRK P1 og NRK P3 i sommar. Mr. Tokyo er første smakebit på den kommande plata frå bandet.
- Det nye albumet vil nok bli ei blanding av det vi høyrer på denne låta, og det du høyrde på den førre plata vår, fortel Weel Skram. På Fylkestoppen gjekk ho i august rett inn på andre plass som utfordrar.

Høyr Itte - Tyyl!

Tyyl!

Tyyl! på scena under SommarLutt på Nordfjordeid 2010.l

Foto: Øystein Torheim

Den andre utfordraren som kom inn på lista i august er låta "Høyr Itte." Låta er henta frå det første albumet til Sogningane i rockegruppa Tyyl! Bandet er kjent for å bruke sognedialekt i tekstane sine. Plata som har tittelen "Ber Bod" får også gode tilbakemeldingar frå platemeldar Atle Bredal i NRK P1. Gruppa som består av Håvard Øyrehagen, Vegard Loftesnes, Jon Landsem og Torkjel Solbraa.

Det vil alltid finnast ein bar - Steinar Engelbrektson band

Steinar Engelbrektson

Steinar Engelbrektson og bandet har gjeve ut samleplate frå karieren sin så langt.

Foto: Simon F. Solheim

I slutten av mai kom Steinar Engelbrektson Band med ei førebels oppsumering av karriera. Då sleppte nordfjordingane samleplata "Aller beste". Mellom dei gamle låtane, hadde bandet også funne plass til ein flynkande ny låt. Låta som har fått tittelen "Det vil alltid finnast ein bar" er med for tredje gong i september.

Utfordrarar september:

Ikkje utan deg - Olav Stedje

Olav Stedje

Olav Stedje prøver seg på Fylkestoppen med låt frå den kommande plata.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Olav Stedje er akkurat no i studio for å spele inn den nye plata si som er venta i slutten av september. Mannen bak storslagarar som "Vi vandrar saman" og "Ta meg med," håpar at han framleis klarer å skape nye hit-låtar. På Fylkestoppen prøver han seg med låta "Ikkje utan deg," som er ei av låtane på det nye albumet.

So Surreal - The Micropops

The Micropops

Sofie Storaas og Håkon Njøten er no blitt duoen The Micropops.

Foto: Pressefoto.

Utfordrar nummer to til fylkestoppen 16.september har redusert frå fullt band til duo når dei no satsar vidare. Musikaren Håkon Njøten frå Gulen har no berre med seg Sofie Storaas i gruppa The Micropops. Tidlegare har dei hatt stor radiosuksess, mellom anna på NRK P3. Ambisjonane er no større enn nokon gong. Denne månaden har dei vore i London for å spele inn video til ein av låtane som kjem på det nye albumet neste år. På Fylkestoppen prøver bandet seg med låta "So Surreal."

Scars - Iselin Solheim

Iselin Solheim

Iselin Solheim frå Naustdal er utfordrar med si sjølvlaga låt Scars.

Foto: Pressefoto.

Iselin Solheim frå Naustdal er tredje utfordrar til neste Fylkestopp. 20-åringen har sjølv skrive både tekst og musikk til låta Scars. Akkurat no er ho reist til England for å utvikle seg vidare. Der skal ho gå på Paul McCartney-skulen LIPA. Solheim har drive med musikk sidan ungdomsskulen, og takkar musikklæraren sin for interessa.