Hopp til innhold

Sigrid til topps igjen

For andre månaden på rad vann Sigrid Moldestad Fylkestoppen med melodien «Ein sæl kyss».

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad har stor suksess med 'Ein sæl kyss' frå den siste plata si.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sigrid Moldestad har stor suksess med den siste plata si, Sandkorn. Plata har vore innom VG-lista, og visa «Ein Sæl Kyss» er inne i på musikklista til NRK P1.

Jamn Fylkestopp

Som vanleg var det mange tusen stemmer som kom inn både før og under sendinga.

Det var jamnt denne gongen, og juryformann Inge Ronny Kvåle er imponert over teknisk og artistisk kvalitet på alle sju bidraga i juniutgåva av Fylkestoppen.

Ein utfordrar gjekk vidare

Utfordraren Steinar Engelbrektson Band kom inn på lista, medan Babe Rawlins og Lene B ikkje får vere med neste gong.

– Sjølv om dei ikkje kom inn på lista, held dei høg kvalitet innan sjangrane sine. Babe Rawlins-bidraget held faktisk internasjonale standard, seier juryleiaren.

Flora-artisten Lene B er ute med si første demoinnspeling, og Kvåle meiner ho framleis har eit utviklingspotensiale.

– Ho er eit talent og eg håper ho helde fram med å lage og spele musikk.

No tek Fylkestoppen sommarpause og er tilbake i slutten av august.

Fylkestoppen 3. juni 2010

Pl.

Melodi

Artist

Poeng

Mnd

1.

Ein sæl kyss

Sigrid Moldestad

241

3

2.

Blå natt

Karin Haugen/Helge Bjorøy

237

5

3.

Min Tilgivelse

Xzwer

235

2

4.

Det vil alltid finnast ein bar

Steinar Engelbrektson Band

233

Ny

 

Ut av lista

 

 

 

5.

The Word

Lene B

222

Ny

6.

Fjordhingsten

Britt Pernille Frøholm/Irene Tillung

211

5

7.

Average Joe

Babe Rawlins

193

Ny