Hopp til innhold

Full speleplan for danseband

Steinar Engelbrektson band ville ta det litt med ro i sommar, men har booka spelejobbar som aldri før.

Steinar Engelbrektson band
Foto: Promo, Foto: Promo

Før sommaren har bandet konsert på heile 12 av 20 dagar.

Lagar ny plate

- Vi skulle eigentleg spele tre gonger i månaden. Men det vart eit veldig hiv med jobba, så det blir travelt. Det seier vokalist Steinar Engelbrektson til lokalmusikkprogrammet Lutt på NRK Sogn og Fjordane.

Spele på ungkarsfestival

Engelbrektson gler seg kanskje aller mest til å spele på ungkarsfestivalen i Suldal.
- Hjelpe meg for eit liv. Vi har spelt der ein gong før, og det er eit hærleg liv framfor scena. Utagerande festing kan ein nok kalle det.

Knapt med tid

Steinar Engelbrektson alle vil til himmels
Foto: Pressefoto

Samstundes jobbar gruppa hektisk med å spele inn den nye plata si, som etter planen skal komme ut til hausten.

- Blir det tid til å gå i studio med så mange spelejobbar?

- Ja, det håpar vi på. Det er ikkje så mange jobbar på måndag, tysdag og onsdagar. Vi prøver å bruke dei dagane i studio.

Smakebit frå den nye plata

Bandet har no klart den første smakebiten frå den kommande plata. Alle vil til himmels heiter singelen du kan høyre på radio på førsommaren.
- Dette er ein dansbar countrylåt slik som ein kjenner frå tidlegare. Tekst er laga av Bjarte Haugen og melodien er det Trond Ile som har skrive, fortel Engelbrektson.