Hopp til innhold

Årets fylkestopp

Kva blir årets låt i fylket? Du bestemmer!

Håkon Høgemo, Sigrid Moldestad og Einar Mjølsnes

Samuline av Sigrid Moldestad vart årets fylkestopp i 2007. Kven vinn i år?

Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Torsdag 22. januar vert det avgjort kva for melodi som blir årets fylkestopp 2008.

Slik røyster du

I ei veke, fram til ein time før sending, kan du gi di røyst til din favoritt. Det kan du gjere på skjemaet under, ved å sende oss epost eller du kan ringe inn røysta di under sending.

Omtale av artistane finn du rett under skjemaet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Honndalstausene

Honndalstausene
Foto: Pressefoto.

Dei sju Honndalstausene feira i 2008 25-årsjubileum med å gi ut si fjerde plate. Plata, som har fått namnet Gamle Nordfjord, er eit samandrag av karrieren deira så langt. Mellom dei 25 slåttane du finn på plata er det også seks nyinnspelingar. Ein av dei, Reinlender etter Ole Langøyli, gjekk rett til toppen på Fylkestoppen i haust.
Send epost til fylkestoppen@nrk.no , og skriv artist i emnefeltet.

Sunde og Engelbrektson

Kathe Sunde
Foto: Presse

Steinar Engelbrektson og Kathe Sunde fauk rett til topps på fylkeslista i februar med musikk skriven av Conway Twetty. Orda er det Rogeir Haugen som har ført i penn. Om Englar finns fekk Kathe Sunde fekk skrive til minne om faren som gjekk bort for åtte år sidan.
Send epost til fylkestoppen@nrk.no , og skriv artist i emnefeltet.

Haugen og Bjorøy

Karin Haugen
Foto: Gunnar Haugen

Karin Haugen og Helge Bjorøy hadde lang fartstid bak seg på fylkeslista, då dei endeleg nådde heilt til topps med hyllesten til Skjerjehamn i slutten av februar. Det er Karin Haugen som lånar stemme til valsen Sommerkveld ved Skjerjehamn til musikk av Helge Bjorøy og tekst av Eilev Vatnøy. Alle tre har tette band til Gulen. Karin Haugen vaks opp på øya Hille og tekstforfattaren vaks opp på Vatnøy.
Send epost til fylkestoppen@nrk.no , og skriv artist i emnefeltet.

Jennifer Peach

Jennifer Peach
Foto: Dag Frøyen/Firdaposten

Etter fleire år i musikals dvale gjekk Jennifer Peach rett til topps på fylkelista i april, med nyinnspelte Bartender. Jennifer Peach inntok førsteplassen på fylkestoppen i debuten 3. april. Fire år etter at dei unge florømusikarane fekk tildelt kulturpris og entra scena under Norwegian Wood Festivalen i Oslo. Bartender er skriven av Kjetil Høvig og Christian Franklin.
Send epost til fylkestoppen@nrk.no , og skriv artist i emnefeltet.

Britt Pernille Frøholm

Britt Pernille Frøholm
Foto: Presse

Med Skorsk etter Lars Thommasgaard gjorde Britt Pernille Frøholm furore på fylkeslista i 2008. Med plata "For Allje Dei" fekk Britt Pernille Frøholm stor merksemd og gode meldingar hos norske musikkmeldarar. På Fylkestoppen var honndalskvinna inne på lista seks gonger med slåtten Skorsk etter Lars Thommasgaard.
Send epost til fylkestoppen@nrk.no , og skriv artist i emnefeltet.

Jorun Irene Erdal og Jakob Hals
Foto: pressefoto.
Hals og Erdal

Somthing You Got er mestvinnande fylkestopplåt i året som gjekk. Fjerde september inntok Jakob Hals og Jorun Irene Erdal topplassen for første gang. Songen er henta frå Jakob Hals si første langspelplate Soul Shake.
Send epost til fylkestoppen@nrk.no , og skriv artist i emnefeltet.