Hopp til innhold

Stjernelag til JuleLutt 2008

Eva Weel Skram kjem til JuleLutt 2008. Sjå dei andre lokale artistane som kjem her.

Eva Weel Skram
Foto: pressefoto.

19. desember kan du oppleve JuleLutt direkte frå "skywalken" i Førde sentrum. I to timar får du oppleve noko av det beste av lokalmusikk frå Sogn og Fjordane.
JuleLutt på Facebook

Good Time Charlie

Good Time Charlie pressefoto
Foto: Pressefoto.

I år feirar bluesbandet Good Time Charlie 25 års jubileum. Det feira dei med konsertar og ei flunkande ny plate. Arle Hjelmeland frå Førde og Steinar Karlsen frå Eikefjord, presenterte ein ny moderne versjon av musikken sin på den nye plata. Garasje-soul kallar dei stilen. Dagbladet er mellom dei som gav den nye plata "Mojo Energy" terningkast fem.

Eva Weel Skram

Eva Weel Skram
Foto: Peter Hallbom.

Eva Weel Skram frå Sogndal er blant dei absolutt mest spelte artistane på NRKP3 i desse dagar. Melodien "Superhero" ligg inne på P3 si A-liste og blir spelt meir enn 30 gonger kvar veke. Den nye låta blir å finne på den nye plata som Eva jobbar med, og som etter planen kjem ut i mars. Eva og bandet Eva & The Heartmaker er også aktuelle for bransjetreffet By:larm i Oslo 2008. Til JuleLutt kjem ho saman med Anne Marte frå bandet sitt.

Steinar Engelbrektson band

Steinar Engelbrektson band
Foto: Pressefoto.

Det kjem også ein storselgar av plater til JuleLutt 2008. Steinar Engelbrektson band kom i år med si fjerde plate "Rabalder." Dei fire platene til dansebandet har no solgt til saman rundt 50.000 eksemplar. Bandet er ein gjengangar både på Fylkestoppen, og på Danseband-svisj på NRK.

Jakob Hals og Jorun Erdal

Jorunn Irene Erdal
Foto: Pressefoto.

Jorun Irene Erdal frå Stryn og Jakob Hals frå Vågsøy gjer det godt på fylkestoppen for tida med duetten "Something you got." Melodien er henta frå Hals si plate Soul Shake. Saman kjem dei to dyktige musikarane til JuleLutt der du får oppleve dei saman og åleine på scena. Jorun Irene har du mellom anna opplevd i Melodi Grand Prix fleire gonger.

Fryd

Fryd
Foto: Oddleif Løset / NRK

JuleLutt får sitt eige kor på JuleLutt-scena. Då koret Korsett i Florø oppdaga av namnet alt var i bruk av eit anna kor i Oslo, bestemte dei seg for å be om hjelp til å finne eit nytt og passande navn. Norgesglasset i NRKP1 gav dei hjelp, og lyttarane sende inn nesten 1200 namneforslag. Til slutt valde dei seg namnet Fryd, og premien til den som kom med forslaget får koret heim til seg. Du får sjansen til å oppleve koret på JuleLutt-scena.

Stine Beate Bøthun Breilid

Stine Beate Bøthun Breilid
Foto: Pressefoto.

Vi presenterer eit ungt talent på JuleLutt 2008. Stine Beate er 17 år, og går andre året på videregåande skule i Sogndal. Ho har vore aktiv med song og musikk sidan ho var liten. Etterkvart har ho utvikla ei lun og fin stemme, og har no vore i studio og spelt inn ein song laga av Rolf Arne Olsen.

Utdeling av Luttprisen 2008

Sigrid Moldestad
Foto: Arne Eithun / NRK

For tredje gong deler vi ut Luttprisen - årets artist i Sogn og Fjordane. Tidlegare har Eva Weel Skram og Sigrid Moldestad fått prisen. I November og Desember kan du røyste på din favoritt på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. Luttprisen er mellom anna ein St. Sunniva-skulptur av Turid B. Kvalheim frå Vågsøy.