Varmar opp for blueslegende

I år fyller bluesbandet 25 år, og i helga varmar dei opp for blueslegenda John Mayall.
Publisert 27.06.2008 12:17.
- Skriv ut
Det er på scena til Osøren Blues- og Jazzfestival at Good Time Charlie går på scena for å varme opp publikum.
Les nyheiter om fleire lokale artistar her.
-Kvir seg ikkje
Vokalist Arle Hjelmeland frå Førde er glad for oppdraget, og kvir seg ikkje for å skulle gå på scena både før og etter Mayall.
Mayall er kjend som ein nestor innan bluesen, og har påverka og utvikla store musikarar gjennom sine meir enn 50 år som artist, skriv avisa Firda.
Jubileum og ny plate
Good Time Charlie fyller også 25 år som band i år, og feirar dette med heilt ny plate i september.
Høyr innslag om den nye plata til Good Time Charlie.
- Det er eit år sidan vi starta på den nye plata, som blir den første sidan 2005, seier Arle Hjelmeland. Plata inneheld den største stilendringa som bandet har gjort. Good Time Charlie presenterer no garasjesoul. Ei blanding av soul frå 50- og 60-talet og garagerocken frå 60-talet.
Jobba på ny måte med låtane
-Tidlegare har vi utvikla songane vår ute på konsertane våre, men denne gongen har vi gjort ein vri. No har vi jobba enormt mykje med låtane i studio.
Det var ein ny måte å jobbe på, men det fungerte veldig bra, seier Arle Hjelmeland til lokalmusikkredaksjonen Lutt i NRK Sogn og Fjordane.
Lyd og video
Lenker
Siste: Lutt
- No kan du røyste på fylkestoppen
- Åshild Mundal vann Årets fylkestopp
- Åshild Mundal på a-lista til P1
- Her kan du røyste
- Majorstuen slepp fransk samleplate
- Åshild vann fylkestoppen
- Kven vinn siste fylkestoppen i år?
- Toppa suksessfullt år med pris
- Her kan du sjå Julelutt direkte
- Kven blir årets artist frå Sogn og
Siste: Sogn og Fjordane

VANN: Sigrid Moldestad vart kåra til årets artist i Sogn og Fjordane under Julelutt 2010 på Nordfjordeid laurdag kveld.
Foto: Simon Solheim/NRKMoldestad årets artist i fylket
Klare for Julelutt
Fylkesbandet har hatt si første øving. Om ein månad står dei på scena saman for aller første gong.
Siste: Lutt
No kan du røyste på fylkestoppen - Åshild Mundal vann Årets fylkestopp
- Åshild Mundal på a-lista til P1
- Her kan du røyste
- Majorstuen slepp fransk samleplate
- Åshild vann fylkestoppen
- Kven vinn siste fylkestoppen i år?
- Toppa suksessfullt år med pris
- Her kan du sjå Julelutt direkte
- Kven blir årets artist frå Sogn og



















Har skapt sin eigen arbeidsplass