11.02.2012

Kathe sin låt på Dansefotplate

Kathe Sunde (Foto: Presse)

Kathe Sunde sin låt Om englar finns er med på den nye samleplata "På dansefot."

Det er etterspørsel frå lyttarar til P1-programmet "På dansefot" som har gjort at melodien no er ein del av den nye samleplata.

Det er det åttande albumet i serien som no er ute i butikkane, fortel Erik Forfod som leiar programmet og er ansvarleg for utgjevinga.

Saman med Engelbrektson

"Om englar finns" er spelt inn i platestudioet Audiofarm i Ørsta. Steinar Engelbrektson syng saman med Kathe og spelar trekkspel. Steelgitaristen i Vassendgutane, Lars Erik Vågseter, har lagt på Steelgitar. Svein Erik Åmås spelar resten av instrumenta.

Erik Forfod i På dansefot (Foto: Pressefoto, NRK.)

Lyttarane avgjorde

- Kvifor har du plukka ut denne melodien til plata?
Eg presenterte denne melodien i På dansefot for ei stund sidan. Same kveld begynte spørsmåla å komme frå lyttarane. Kven var dette, og kvar får vi kjøpe melodien? Det var heilt klart at dette var ein melodi som gjorde inntrykk på lyttarane, seier Forfod til lokalmusikkredaksjonen Lutt.

Les om meir lokalmusikk på Lutt sine nettsider.

Kjempefin

- Kva synst du om melodien?
- Personleg så meiner eg det er ein kjempefin melodi.

Desse samleplatene med dansebandmusikk pleier å selge nokre tusen eksemplar. Forfod seier han ønskjer å ta med ein del heilt nye melodiar som bør få ein sjanse. Samstundes har han heile tida i bakhovudet kven det er som er mest populær i På dansefot-serien.

Sigrid Moldestad (Foto: Simon Solheim/NRK)

VANN: Sigrid Moldestad vart kåra til årets artist i Sogn og Fjordane under Julelutt 2010 på Nordfjordeid laurdag kveld.

Foto: Simon Solheim/NRK

Moldestad årets artist i fylket

Sigrid Moldestad frå Breim stakk av med Luttprisen 2010.

Siste: Lutt

Siste: Sogn og Fjordane