Hopp til innhold

Ny siger for duett

Duoen Jakob Hals og Jorunn Irene Erdal vann Fylkestoppen for andre gong med songen "Something you got".

Utfordraren Honndalstausene kom på 3. plass, medan Good Time Charlie ikkje kom inn på lista.

Resultat Fylkestoppen 25. september:

Fylkestoppen

Plass

Artist

Tittel

Førre gong

Antal gonger

Antal 1. plassar

Poeng

1

Jakob Hals og Jorunn Irene Erdal

Something you got

1

1

2

228

2

Ramstadlaget

I gamle spor

3

2

208

3

Honndalstausene

Reinlender etter Ole Langøyli

Ny

1

174

4

Steinar Engelbrektson Band

Veit du ka eg føle

5

3

1

156

Ut av lista

204

5

Good Time Charlie

Time is running' out

Ny

1

134

6

The Generous Days

Smile

4

4

118

Honndalstausene

Første utfordrar til Fylkestoppen er henta frå den nye plata til Honndalstausene.

Slåttespel-gruppa med berre jenter markerte nyleg 25-års jubileum med å gje ut si fjerde plate. Plata har fått namnet Gamle Nordfjord og er eit samandrag av karriera så lang. Av dei 25 slåttane på plata er det seks nyinnspeligar, og det er ein av dei, Reilendar etter Ole Langøyli, som er utausene sitt bridrag til septemberutgåva av Fylkestoppen.

Good Time Charlie

Good Time Charlie stagediving
Foto: NRK

Good Time Charlie haustar svært gode kritikkar for den rykande ferske plata si Mojo Energy. Dagbladet og BT er mellom avisene som har gjeve plata terningkast fem dei siste dagane.

No er gruppa utfordrar til fylkestoppen med melodien "Time is runnin' out." Henta frå ei plate som representerer ein ny stil for Good Time Charlie, Eikefjordingen Steinar Karlsen har skrive musikken til fylkestopputfordraren, og førdianaren Arle Hjelmeland mannen bak orda.

Ramstadlaget

Oddbjørn Ramstad i Ramstadlaget
Foto: Oskar Andersen, Debra foto as.

Ramstadlaget har lang fartstid i det lokale musikklivet. No er gamaldansgruppa ute med plate nummer to, fjorten år etter debutplata Sognedølen.

Det er leiaren i laget, Oddbjørn Ramstad, som har skrive musikken på albumet " I Gamle Spor ".

I tillegg til sjefen sjølv er Bjørn Ravnestad og Siren Torsheim med på trekkspel, toradar og einradar. Ramstadlaget har også dei faste musikarane Tom Karlsrud og Øyvind Lyslo på trekkspel og gitar. Britt Pernille Frøholm spelar fele og Leif Aslaksrud bles Tuba.

På fylkestoppen prøver Ramstadlaget seg med tittelslåtten frå den nye plata " I Gamle Spor".

Høyr: I gamle spor

Jakob Hals og Jorunn Erdal

Jakob Hals
Foto: Privat

Jakob Hals gjekk rett inn på toppen av lista då han debuterte på Fylkestoppen i vår.

Då song vågsøyværingen klassikaren, Danny Boy, frå den offisielle Tall Ships Races-plata.

No er han ute med eige album med musikk han sjølv har eit sterkt forhold til. Plata ”Soul Shake” har ingen absolutt raud tråd i låtutvalet. - It's only fun music, siterer vågsøyværingen ein amerikanske kollega, som ikkje ville sette musikken i ein bestemt bås.

På fylkestoppen prøver Jakob Hals seg med songen " Something You Got " i duett med stryningen Jorun Irene Erdal.

Høyr: Something you got

Steinar Engelbrektson band
Foto: Pressefoto.

Steinar Engelbrektson Band

Steinar Engelbrektson Band har selt nesten femti tusen eksemplar av dei tre plateutgjevingane sine.

Snart kjem det ny musikk frå nordfjordingane, som slepper det nye albumet "Rabalder" i midten av juni. Frå denne plata prøver gruppa frå Gloppen seg på Fylkestoppen med Veit du ka eg føle.

Høyr: Veit du ka eg føle

The Generous Days på The Cavern i Liverpool
Foto: Pressefoto.

The Generous Days

Erik Grov (vokal), Jostedalen, Per Christian Grov (bass), Borgund, Gunnar Husabø (trommer), Leikanger og Eirik Kristensen (gitar) frå Hornindal gav nyleg ut sin første EP.

I slutten av mai spelte dei på den legendariske klubben "The Cavern" i Liverpool, der The Beatles hadde sine første spelejobbar. Festivalsjefen der kalla bandet sine nye favorittar frå scena.

The Generous Days er også ei av tre grupper som er klare for årets Hovefestival si campingscene. Melodien dei ligg på fylkestoppen med heiter Smile.

Høyr: Smile

Stem på e-post eller telefon

Neste utgåve av Fylkestoppen vert 23. oktober. Du kan fram til klokka 10 på same dagen som Fylkestoppen vert sendt røyste på din favoritt via internett. Det gjer du ved å sende ein e-post til fylkestoppen@nrk.no . Skriv namnet på artisten du vil stemme på i emnefeltet. Du kan maksimalt gi fem røyster til kvar artist.

Mens sendinga går kan du røyste ved å ringe 829 47 544 medan din favorittlåt blir spelt.