Jernaldergard
Frå jernalderen er det funne ein stor jernaldergard i Kvennhaugdalen i Selje. Utgravingar i 1974 avdekka m.a. eit 28 meter langt hus, og at garden hadde vore i bruk i 650 år.
I Snorre Sturlason sine kongesoger vert det fortalt korleis Harald Hårfagre – etter å ha lagt under seg Trøndelag og Møre – reiste sørover og la under seg Firdafylke.
Klosteret på vestsida av Seljeøya er truleg den eldste kristne heilagstaden i Noreg. Den fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde Irland då ein vikinghøvding ville gifte seg med henne.
Dragseidet er det lågaste fjellpasset over Stadhalvøya. For å sleppe å segle det verharde Stadhavet, har sjøfarande frå forhistorisk tid drege båtane over det låge Dragseidet, derav namnet. Skipa vart dregne over rullande stokkar.
I kystkommunen Selje er drukningsulukkene tallause. Stadhavet er eitt av dei mest frykta havstykka på Norskekysten.
Gamle handelsstader og gjestgjevarar
- sjå:
Industri og næring i Selje.
Myrmannsvesenet” vart eit omgrep som oppsto frå 1876 kring striden om røysteretten i Noreg.
Skogreising i Selje
starta på Eirsholmen i Moldefjorden i 1876, der sokneprest
Johan Daniel Stub Landmark planta ut fure, lerk, gran og fleire lauvtresortar. Skogselskapet har reist ein minnestein for Landmark på øya.
Oversyn over ein del av dei lokale laga og organisasjonane i Selje.
Distriktslegetenesta i landsdelen vart organisert 1802, men det skulle gå heilt fram til 1921 før Selje vart eige legedistrikt.
Almuebibliotek
vart skipa i 1834 på prestegarden i Selje av prost Wilhelm Koren (sjå denne under
Kjende personar i Selje fødde år 1700-1900). Prosten kosta boksamlinga av eigne midlar.
Selje kommune kjøpte Skorgevassdraget ved Kjødepollen for 15.000 kroner i 1918 med tanke om å byggje kraftverk i Gryttingfossen.