|
Klosteret på Selja. |
- den tidlegaste kyrkja.
Den fyrste soknekyrkja i Selje låg på Selje kloster, men vart seinare flytta til Bø på austsida av Selja.
Heilt fram til 1900 sokna Vågsøy formelt under presten i Selje, men lang reise over fårefulle hav gjorde at det alt i mellomalderen vart bygd eit kapell på øya Silda.
Selje kyrkje
Bygd 1866. Arkitekt J.H. Stockfledt. Altertavle frå 1866, av Johannes Ludvig Losting (kopi av Rubens-måleri). I kyrkja finst fleire portrettmåleri av geistlege, m.a. av ”diktarpresten”
Claus Frimann. Segna vil ha det til at kyrkja skulle reisast på Nabben, men ein storm løyste kyrkje-tømmeret som låg på sjøen. Der dette rak i land, vart kyrkja bygd.
|
Selje kyrkje. Foto: Ottar Starheim |
Truleg høyrde både Vanylven og Rugsund til Selje prestegjeld i mellomalderen.
Leikanger kyrkje
Bygd 1866 på Stadtlandet. Arkitekt Lars Sølvberg. I koret heng tre altertavler: Katekismetavle frå 1600-talet, altertavle frå 1694 som tidlegare stod i Selje kyrkje, og tavle over alteret frå 1895, måla av Hanna Lund. Preikestol frå 1596 (frå Selje kyrkje), kyrkjebøsse og alterstakar frå 1600-talet. - Les elles om ”Kyrkjeklokka som sprakk av glede” under Ervik kapell.
Bygd 1970. Minnekapell etter hurtigruta
Sanct Svithun-forliset i september 1943.