I samband med bygginga av Den Trondhejemske Postvei vart det på slutten av 1700-talet skipa skysstasjon og losji på Kjøs, på garden som i 2005 er eigd av Mathias Kjøs.
Hotellet vart grunnlagt av Ola M. Raftevold i 1867.
Lars Pedersen Navelsaker frå den vesle grenda Navelaker ved Hornindalsvatnet starta 1876 Navelsaker Hotell (Hotell Grodås), og landhandel på Grodåssanden.
Rasmus R. Kirkhorn handel
Rasmus R. Kirkhorn (oppvaksen på Løken i Eid) starta i 1868 handel på Grodås. I 1890 overtok
Rasmus K. Grodås butikken, og dreiv m.a. stor handel med blåbær - sjå nedanfor.
Hornindal Sparebank
skipa 1889. Eige bygg i 1960.
Starta i 1889 bakeri og handel på Grodås.
Ola Svor starta privat meieri
i 1891 etter at han hadde fått stipend og gått meierikurs i Danmark.
Rasmus K. Grodås dreiv kring 1900 stort som ”bærgrossist”. Han tok imot blåbær og selde vidare til Bergen.
Ingeborg B. Grodås
starta handel på Grodås i 1902. Systera Pernille, gift med Ole P. Lødøen, heldt fram med forretninga ei tid.
skipa i 1908. Handelslaget tok m.a. imot ljåar og navarar frå dei mange smedane i bygda, og selde desse varene vidare over heile landet.
Starta i 1910 i indre Hornindal av grunneigaren Rasmus O. Sætren og ein del andre interessentar i bygda.
Bottolv A. Lødemel
f. 1888 starta i 1910 skreddarverkstad på Grodås. Han hadde fleire syersker i arbeid. I 1920 bygde han hus med verkstad og forretning. I 1924 starta han bokhandel.
Hornindal Kraftverk
skipa 1913. Det første kommunale kraftverket i Sogn og Fjordane. Firdakraft tok over forsyninga 1954.
Hornindal Kvern L/L
skipa 1915. Bygdemølle. vert framleis nytta til maling av malt for ølbrygging.
Hornindal Auto - vart skipa i 1926, og starta rutekøyring i dalen med ein personbilar og lastebil.
Lars S. Kirkhorn
starta på 1930-talet skifabrikk på Grodås. Han hadde fleire deltidstilsette, og leverte ski m.a. til Sunnmøre.
Per K. Grodås
starta urmakarbutikk på Grodås i 1932. Firmaet tok på 1970-talet over urmakarforretninga til Monrad Johnsen på Nordfjordeid.
I 1933 vart det bygt eit lite meieri på Grodås, og i 1949 freista fleire organisasjonar å starte eit nytt og større meieri i Hornindal.
Første traktoren
kom til Hornindal 1934, innkjøpt av ”norskamerikanaren” Gustav L. Haugen.
Brørne Espe
snikkar- og treskjerarverksted skipa 1935 av Johannes Espe.
B. O. Lødøen
bygde bakeri og kafe på Grodås i 1936.
Rasmus Sætren
dreiv også møbelverksted og treskjæring frå 1941 og utover.
Tidleg på 1960-talet gjorde den politiske leiinga i Hornindal noko som var uvanleg på den tida: Kommunen gjekk i brodden for å skape nye og alternative arbeidsplassar i den typiske jordbrukskommunen ved bygging av industriutleigebygg på Ytrehorn og i Kirkhornfjæra ved Hornindalsvatnet.
Grodås Camping
på Ytrehorn vart starta i 1963 av Hjørdis og Per Kobberstad. Campingplassen har hytter og eigen oppstillingsplass for campingvogner..
Knut B. Grodås
starta bensinstasjon på Grodås i 1963, og bygde seinare kiosk og servicestasjon.
Bakeri og fotoarkiv
Ragnvald Lunde starta bakeri på Grodås i 1963. Sonen
Lars Lunde gjorde bakeriet om til fotoforretning (Fotohistorisk arkiv) i 1976. I 1985 overtok Olav Reidar Haugen bygget og gjorde det om til gatekjøken.
Espelid Møbelfabrikk
|
Møbelfabrikkar på Grodås. |
grunnlagt av Ragnvald og Arne Espe 1954.
Grodås Trevare
Ei anna bedrift var Grodås Trevare A/S, eigd første åra av Hjellegjerde og Velledalen møbelfabrikkar i Sykkylven. Etter ei tid heilt overteke av Hjellegjerde-konsernet - sjå:
Hjellegjerde og Sandvik i Hornindal.
Honndalshytta A/S
vart grunnlagt 1962 av Rolf Lund. Produksjon av ferdighytter. – Firmaet er ei vidareføring av R.R. Lund Snikkarverkstad, som dreiv produksjon av dører og glas i mellomkrigstida.
konfeksjonsfabrikk grunnlagt 1962 av Lars E. Sunde frå Sunnmøre. Flytta 1967 inn i
industriutleigebygget på Grodås.
Etablerte seg i
industriutleigebygget på Grodås i 1974.
vart skipa i 1983 av Annelise og Oddvin Haugen. Verksemda heiter no Grodås Mønsterteknologi.
Grodås Trevare var eigd første åra av Sandvik & Co. i Ørsta og Velledalen møbelfabrikkar i Sykkylven. Etter ei tid heilt overteke av Hjellegjerde-konsernet.
Tekno Fabrikker A/S
I
industriutleigebygget på Grodås heldt også Tekno Fabrikker A/S til med produksjon av ventilasjonsanlegg. Gjekk inn kring 1990.
Ekornes Grodås
- sjå
Elegante Møbler og Ekornes.
Øens Kjøleservice
grunnlagt av Bjarne Øen. Produksjon og montering av varmegjenvinningsanlegg.
Hornindal Smeden AS
vart skipa på Raudemel i 2002 av Svein Løvlid m.fl. og framstiller m.a. lafteverkty og andre gamaldagse verkty for trearbeid. I smia vert det også halde smedkurs.
Grodås Mønsterteknologi
– sjå
Grodåsmøbler A/S .
Coop Nor-Sunn
avdeling Grodås - sjå
Hornindal Handelslag.