Holmøy Arbeidsskule skipa i 1858 av Hans Holmøy var første arbeidskulen/snekkarskulen i sitt slag i landet.
Friskulen i Hornindal
1889-1891 vart skipa av frisinna honndøler som ein reaksjon på at Edvard Jensson Liljedal frå Lavik vart tilsett som klokkar og lærar i bygda i 1886. Som ein reaksjon mot at den konservative Liljedal vart tilsett, skipa honndølene sin eigen friskule som dei dreiv frå 1888 til 1892, med
Haakon Aasvejen og
Johannes Aashamar som lærarar.
|
Skulehuset til Friskulen. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane |
Hornindal Folkehøgskule
vart driven av
Haakon Aasvejen 1889-91 ved sida av friskulen.
Hornindal mellomskule
vart driven 1920-1924 av sokneprest Paul Emil Rynning.
Husflidskule på Grodås
I 1962 kjøpte Hornindal kommune ei stor tomt på Ytrehorn og bygde det såkalla Kursbygget. Her vart det i nokre år drive kurs i treskjering og smedarbeid. Tanken var at denne husfliden skulle verte ei attåtnæring til jordbruket i bygda. Hornindal kommune ynskte også å flytte
Holmøy Arbeidsskule frå Holmøyane til Grodås, men kommunereguleringa i 1964 skipla desse planane.
Privat realskule
Starta i 1943 på Kirkhorn av sokneprest Nils Eide. Kommunen avslo å gje tilskot, og dei 17 elevane betalte difor 30 kroner månaden i skulepengar. Realskulen heldt i tredje høgda på barneskulen på Kirkhorn. Sidan skulen ikkje hadde eksamensrett, måtte elevane gå opp som privatistar i Volda. Skulen vart avvikla då krigen var slutt.
Ungdomsskule
innført hausten 1970, og nytt skulebygg på Kirkhorn teke i bruk 1974. Bygt etter prinsippet ”open skule”, der elevane skulle undervisast i store fellesrom. Frå 1998 til 2002 vart Hornindal skule utvida i to byggesteg.
Noverande skule:
Hornindal barne- og ungdomsskule (1.-10. kl.) 196 elevar